Uno-X-ryttaren tok historisk triumf – trur han kan følge opp bragda tysdag
Oppdatert 04/06/2024 klokken 15:08 GMT+2
Måndag sørga Magnus Cort for Uno-X sin første World Tour-siger. Discoverys sykkelkommentator trur Cort kan vinne på nytt tysdag.
Sikret historisk seier: Cort til topps i tåkehavet
Video credit: Eurosport
- Sjå tredje etappe av Critérium du Dauphiné tysdag frå 15:10 på den nye strøymetjenesta Max!
På den andre etappen av Critérium du Dauphiné kunne Uno-X-ryttar Magnus Cort krysse mållinja først etter ein spurt opp Col de la Loge. Sigeren var Uno-X sin første siger på World Tour-nivå.
– Av det Uno-X har vunne er dette på eit heilt anna nivå. Det er utvilsamt det klart største dei har vunne, seier Discoverys sykkelkommentator Theis Magelssen.
Sjå målgongen øvst i saka.
Magelssen peiker ikkje berre på rittet si rangering, men også på det sterke startfeltet. På startlista stod store namn som Primoz Roglic, Remco Evenepoel og Juan Ayuso.
– Dette er det viktigaste oppladingsrittet til Tour de France, og dei fleste på start er desperate etter å vise seg fram. Mange kan vere i betre form til dette enn dei er før Tour de France, og då blir nivået deretter.
Kommentatoren er svært imponert over korleis laget løyste etappen.
– Det er ikkje noko tilfeldigheit. Det er bokstavlegtalt Uno-X som køyrer inn og samlar når ingen andre klarer det. Det er ikkje berre ein Cort-siger, men ein Uno-X-siger.
Sjå intervju med Cort før tysdagens etappe. Saka held fram under videoen.
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/06/04/3982479-80825288-2560-1440.jpg)
Vil halde på leiartrøya: – Må sjølvsagt prøve
Video credit: Eurosport
I leiartrøya
Med sigeren kunne Cort også ta over leiartrøya frå landsmannen Mads Pedersen. Han har fire sekund ned til Primoz Rolgic og seks sekund ned til Matteo Jorgenson før tredje etappe.
Magelssen ser ikkje vekk frå at Cort kan kunne kle seg i den gule trøya ei lita stund til.
– Eg trur han kan vinne tysdag også, men tempoen etterpå blir nok for tøff. Det er ikkje heilt ein Cort-tempo, og han har ingenting på Roglic. Men herregud så sterk han såg ut på andre etappe.
Før etappe tre innrømmar Cort at han skal forsøke å halde på leiartrøya.
– Det er kjempefint å ha den gule trøya. Planen tysdag er sjølvsagt å behalde trøya, og så får vi sjå om eg kan gå for nok ein etappesiger.
Critérium du Dauphiné varer fram til søndag, og ryttarane skal blant anna gjennom to fjelletapper.
– Fjelletappene blir tøffe, og det kan bli brot der. Leknessund såg sterkt ut måndag, så om han hamnar i riktig brot på fjelletappene, kven veit kva som kan skje?
Tre strake sigrar
Uno-X står med tre sigrar på tre dagar: Alexander Kristoff på laurdag, Jonas Abrahamsen på søndag og Cort på måndag. Magelssen trur det er fleire grunnar til at det plutseleg har lausna for det norsk-danske sykkellaget.
– Ketchupeffekten er reell: Når det først lausnar, så lausnar det. I tillegg har jo Uno-X styrka laget. Dei har lenge hatt eitt av dei yngste sykkellaga, og no har alle unggutane blirr eitt år eldre, og tatt eitt nivå ekstra. Om ein har seks-sju ryttarar i den prosessen, så blir det ein stor breidde etter kvart. Det er vel ein blanding av større breidde, flyt og flaks.
I tillegg har nokre av ryttarane vore på høgdesamling.
– Både Abrahamsen og Cort var der, men ikkje Kristoff. Dei har gjort eit godt treningsarbeid over lengre tid, og i den siste perioden inn mot Tour de France har dei verkeleg gjort jobben.
Fått med deg denne? Saka held fram under videoen.
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/06/02/3981109-80797888-2560-1440.jpg)
Måtte gje opplæring i uttale av namnet etter sigeren
Video credit: Eurosport
Relatert
Reklame
Reklame