Populære sporter
All sport
Vis alt

Uno-X-ryttar med topplassering etter kjempeopphenting

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 11/10/2023 klokken 16:46 GMT+2

Tobias Halland Johannessen fekk endå ein ny topplassering onsdag.

Halland Johannessen med kjempeopphenting

Med 85 kilometer igjen av den 170 kilometer lange løypa i éindagsrittet Giro del Veneto, kom Jonas Abrahamsen seg i eit brot med seks ryttarar. Sakte men sikkert datt ein etter ein av brotet, men «Grenlandsplogen» heldt seg i eit triobrot med 15 kilometer igjen.
Feltet henta inn sekund på brotet, og med sju kilometer igjen var dei alle samla.
Sjå den siste kilometeren av rittet øvst i saka.
Tobias Halland Johannessen var med i fronten av feltet, og då Florian Vermeersch prøvde å stikke frå resten var nordmannen den einaste som hang seg på. Det stoppa med forsøket, og duoen vart henta inn kort tid etterpå. Då kom både Torstein Træen, Fredrik Dversnes og Anthon Charmig fram, og Uno-X sat med fem menn heilt i front.
Halland Johannessen fekk ein litt dårleg posisjon i starten av bakken, men henta seg inn igjen, og enda opp som nummer to i rittet.
– Ein kjempeforseiring av Halland Johannessen på slutten der, men posisjonen inn i bakken var litt for svak, seier Discoverys sykkelkommentator Theis Magelssen.
Sett denne?
picture

Full forvirring for den norske kometen: Se den absurde situasjonen

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame