Uno-X-profil mistar planlagt skadecomeback

Syklisten må utsetje sesongstarten ytterlegare.

Mie Bjørndal Ottestad.

Foto: Getty Images

  • Følg Le Samyn med Uno-X for både kvinner og herrar tysdag frå 13:30 på discovery+
Mie Bjørndal Ottestad skulle etter planen sesongopne i lag med resten av Uno-X-laget på Mallorca i slutten av januar. Eit brot i handa under ei treningsøkt sat ein stoppar for det.
26-åringen måtte gå med gips i seks veker, og planen vart heller at ho skulle vere tilbake i konkurranse i Sienna i helga, når Strade Bianche går av stabelen. Slik blir det ikkje.
– Eg skal ta av gipsen om eit par dagar, men det er diverre ikkje tidsnok for å kunne stille til start i helga, fortel Ottestad til Discovery.
I staden må Uno-X-ryttaren smøre seg med endå meir tolmod.
– Planen er å vere 100 prosent klar til Tour de Normandie som går om eit par veker, seier ho.
Det vil då bli Ottestad si sesongopning, og første gong ho konkurrerer på landevegen sidan Tour de France i sommar. Der måtte ho trekke seg etter ein velt på etappe fire. Ottestad fekk sin andre alvorlege hjerneristing på under eitt år.
– Eg føler jo at eg har hatt litt mykje uflaks, men det må jo snu på eit tidspunkt. Eg satsar på at eg har brukt opp uflaksen min no.
Sett denne?
picture

Se den absurde hendelsen: Nordmann mister seieren etter kjempetabbe

Video credit: Eurosport


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame