Skreik av smertar etter velt – kjem med skadeoppdatering

Eurosport på Google

Sykkelprofilen Julian Alaphilippe var tydeleg i smertar etter laurdagens andre velt under Omloop Het Nieuwsblad.

Stjerna vrir seg i smertar etter velt – Kristoff kom seg akkurat unna

Video credit: Eurosport

  • Følg Kuurne-Buxelles-Kuurne søndag på discovery+ frå klokka 14:30
Julian Alaphilippe var svært uheldig under Omloop Het Nieuwsblad laurdag.
Med litt over 60 kilometer igjen av rittet gjekk han i bakken for første gong. Soudal Quick-Step-ryttaren forsøkte å ta igjen brotet, men vart igjen sat ein stoppar på då han fekk trøbbel med sykkelen sin, og måtte gjere eit bytte.
Dermed var vinnarsjansane spolert, men franskmannen augna likevel moglegheita for å avslutte rittet i hovudfeltet. Med 23 kilometer igjen til mål fekk han eit nytt møte med asfalten då han var involvert i ein krasj med blant anna lagkamerat Kasper Asgreen.
Alaphilippe slo hardt i bakken og skreik i smerte etter velten.
Sjå hendinga øvst i saka.

Ingen brot

Ifølge sportsdirektør i Soudal Quick-Step, Wilfried Peeters, skal begge ryttarane ha kome seg frå velten utan brot.
– Asgreen har litt olbogesmertar, og Alaphilippe fekk berre nokre skrubbsår, sa Peeters ifølge den nederlandske avisa Het Laatste Nieuws.
Verken franskmannen eller dansken klarte å fullføre rittet, og starta dermed klassiskarsesongen på verst tenkeleg vis.
Ifølge den danske nettstaden Feltet skal Asgreen stille til start igjen søndag i Kuurne-Buxelles-Kuurne.

– Sterkt lag

Alaphilippe og Asgreen er laget sine to største klassikarstjerner. Ingen av dei andre lagkameratane klarte å karre seg innanfor topp ti.
Alexander Kristoff hadde stortru på det belgiske laget før start.
– Eg trur Quick-Step har eit sterkt lag her, ikkje berre Alaphilippe, men fleire sterke ryttarar. Vi må følgje med på dei, sa han til Discovery før rittstart.
Sett denne?
picture

Utrolig millimeterduell: – Jeg tør ikke å si noe

Video credit: Eurosport


Gjør som 2 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame