Røper framtidsplanar: – Veldig sannsynleg

Etter OL-deltakinga kunne både Marte Berg Edseth og Ingvild Gåskjenn lette på sløret om sykkelframtida.

Marte Berg Edseth og Ingvild Gåskjenn før OL-rittet.

Foto: Getty Images

  • Følg OL i Paris på Max!
PARIS/OSLO (Max):
– Eg skal i alle fall sykle til neste år. Eg er ganske sikker på kvar det blir.
Det seier Marte Berg Edseth til Max etter spørsmål om kva planen er neste år. Kontrakten hennar med Uno-X går ut ved årsskiftet.
Kan du gi nokre hint om kvar?
– Eg er glad der eg er, det kan eg seie, seier Edseth.

Skal studere

Å sykle er ikkje det einaste Edseth skal gjere det komande året. Til hausten set ho i gong med ein master i stokastisk modellering med spesialisering i finans, forsikring og risiko på deltid, på bakgrunn av at ho er svært glad i tal.
Kva er sannsynet for at du held fram i Uno-X då?
– Den er nær hundre, ja, seier Edseth med eit smil.
25-åringen har sykla for Uno-X sidan 2022.

Kopla til Uno-X

Ifølge Landevei skal Ingvild Gåskjenn vere på veg til Uno-X. Kontrakten hennar med australske Liv AlUla Jayco går ut etter årets sesong. Ryttaren vil ikkje røpe så altfor mykje kvar ho kjem til å sykle frå og med 2025.
– Det begynner å bli klart, men vi får sjå når det kjem ut offentleg, seier ho til Max.
Max' sykkelkommentator Theis Magelssen trur ein overgang til det norske profflaget kan passe Gåskjenn godt.
– Gåskjenn har vore Noregs beste syklist på damesida i år. Ho har vist seg som eit strålande emne i kuperte klassikarar. I Uno-X kan ho også få ein tydelegare kapteinsrolle dersom ho held nivået ho viste i vår også i 2025. Dette kan vere gull for begge partar.
Ein overgang til Uno-X vil gjere ho til lagvenninne med Edseth på heiltid. Gåskjenn er klar på at det gav meirsmak å sykle i lag under OL.
– Det hadde ikkje gjort noko å gjere det meir.
Edseth kunne også tenkt seg å hatt Gåskjenn inn i Uno-X.
– Ho har ikkje sett underskrifta nokon stad enno. For min del håper eg veldig at ho kjem. Eg trur det hadde blitt ein veldig god forsterking av laget. Ho er både sterk og god til å sykle.
Sett denne?
picture

Stjernen med elegant feiring: – Sykkelkongen av Paris

Video credit: Eurosport


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame