Populære sporter
All sport
Vis alt

Norsk sykkellag søker om å ta neste steg: – Har trua

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 29/11/2023 klokken 14:36 GMT+1

No kan det bli tre norske sykkellag på kontinentalnivå.

Fleire Lillehammer-ryttarar under NM i fellesstart 2020.

Foto: NTB

Lillehammer Cykleklubb (LCK) har bestemt seg for å søke UCI om kontinentallag-lisens for deira landevegslag på seniornivå.
Det bekreftar laget i ei pressemelding.
– Med få kontinentallag i Noreg er det no tid for å etablere eit til. Vi ønsker å legge til rette for ryttarane som satsar her på Lillehammer, seier trenar Martin Olsen til Discovery.
Olsen fortel at dei har fått godkjenning av dokumentasjon til søknaden av Noregs Cykleforbund og at den vidare behandlinga no er hos UCI.
– Vi ventar spent på tilbakemelding og har tru på at vi får godkjent status.

Kan få invitasjon til fleire ritt

Ein slik lisens vil gjere at sykkellaget kan bli invitert til alle UCI-ritt på kotinentaltouren. Sykkellaget kan dermed søke om deltaking i Tour of Norway og Arctic Race, med håp om å få plass i den nasjonale kvoten. Samtidig kan dei søke om å delta i fleire internasjonale UCI-ritt utanfor landegrensene.
– Vi ser at vi som klubb må jobbe annleis for å kunne gje våre eliteryttarar på landeveg eit godt sportsleg tilbod. Når vi no har eit engasjert og kompetent støtteapparat som ønsker å ta steget opp, og ryttarar er samstemte om at dei ønsker å gjere det som trengs, var tida moden for å sende søknaden, seier styreleiar i klubben Eirik Haagensen i pressemeldinga.
Fleire av ryttarane er begeistra for søknaden.
– Eit UCI-lag frå LCK mogleggjere «matching» på eit profesjonelt nivå. Det er avgjerande for at eg kan utvikle meg vidare mot måla mine som syklist, seier ryttar på laget Kasper Haugland.
– At LCK no søker om å opprette eit lag med profesjonell status viser at klubben ønsker å leggje til rette for å drive med toppidrett her på Lillehammer, seier Herman Emil Eriksen.

To lag frå før

Kontinetallaga er på det tredje høgste nivået innan sykkelsporten, nivået under ProTeam-laga.
I Noreg er det allereie to lag på same nivå: Team Coop Repsol og Uno-X Development Team. I 2015 var det heile seks norske sykkellag på same nivå.
Uno-X Mobility, som er laget som deltok under Tour de France, er på ProTeam-nivå. Nyleg blei det delt ut World Tour-lisens for dei tre neste sesongane. Uno-X sitt herrelag søkte om lisens, men fekk ikkje plass. Damelaget til Uno-X heldt derimot på sin World Tour-lisens også neste sesong.
Sett den?
picture

Likte Tour de France-direktørens svar: – Et positivt tegn

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame