Populære sporter
All sport
Vis alt

Pogacar vann kaotisk etappe: – Ein heilt eigen klasse

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 21/05/2024 klokken 18:02 GMT+2

Mykje regn og låge temperaturar prega etappe 16 av Giro d'Italia tysdag. Det verka ikkje å påverke Tadej Pogacar som tok nok ein etappesiger.

Ny Pogacar-triumf – talde etappesigrane i feiringa

  • Giro d'Italia følger du på Eurosport.no og den nye strøymetjenesta Max!
Med halvannan kilometer igjen sat Tadej Pogacar inn støyten for å sikre sin femte etappesiger i årets Giro d'Italia.
– Det ser ikkje ut som at Pogacar bruker krefter eingong. Han er i ein heilt eigen klasse og berre leikar seg oppover her. Denne etappesigeren trur eg han har nesten allereie i lomma, sa Discoverys ekspertkommentator August Jensen då Pogacar forsøkte å ta igjen ein trio i front.
Samanlagtleiaren hadde ikkje problem med å ta igjen trioen og sykla over målstreken åleine.
20 år gamle Giulio Pellizzari vart nummer to, medan Daniel Martínez vart nummer tre.
– Eg trudde Pellizzari kom til å vinne dagens etappe, men eg er veldig glad for at han fekk andreplassen, sa Pogacar etter sigeren.
Pogacar hadde allereie over seks minutt ned til nestemann i samandraget før tysdagens siger. No har han 7 minutt og 18 sekund ned til Martínez.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
picture

Fly forbanna på eit anna lag sin strategi – kjefta på eigen sportsdirektør

Solobort

Med omtrent 30 kilometer igjen av etappen gjekk Julian Alaphilippe i eit solobrot etter å ha vore i brot med tre andre.
På det meste hadde franskmannen rundt to minutt ned til gruppa der samanlagtleiar Pogacar sat, men Alaphilippe tapte sekund etter sekund.
Då det stod igjen fem kilometer kom tre andre ryttarar opp til Soudal–Quick-Step-ryttaren: Ewen Costiou, Christian Scaroni og Giulio Pellizzari. Alaphilippe måtte la trioen gå med to kilometer igjen.
– Ingen av desse tre har vore i nærleiken av å vinne noko på dette nivået før, sa Discoverys sykkelkommentator Theis Magelssen.
Pogacar starta jakta på trioen med halvannan kilometer igjen av etappen. Då låg han 22 sekund bak trioen.
Alaphilippe vann den 12. etappen av Giro d'Italia og sikra med det Grand Tour-trippelen, altså ein etappesiger i alle dei tre Grand Tour-ritta.

Tvinga fram grep

Etter to veker med nesten berre tørre veger måtte Giro d'Italia-ryttarane gjennom ei etappe i ordentleg regnvêr og låge temperaturar. Det gjorde at ryttarane var redde for eigen sikkerheit og tvinga fram grep.
Dei ville nemleg ikkje passere fjellpasset Umbrail i etappen tysdag. I ei samla utsegn frå syklistane bad ryttarforeininga CPA om at fjellpasset skulle bli fjerna frå etappen, og dei ville ikkje stille til start om endringane ikkje blei gjort.
Arrangørane gjekk med på kravet, og ryttarane starta på etappen etter Umbrail-passet.
Fått med deg denne?
picture

Her set Pogacar inn støyten


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame