Uno-X til topps i storritt

Magnus Cort vann den andre etappen i Critérium du Dauphiné.

Sikret historisk seier: Cort til topps i tåkehavet

Video credit: Eurosport

  • Se Critérium du Dauphiné på den nye strøymetjenesta Max!
Uno-X-ryttar Magnus Cort vann etappe to i World Tour-rittet Critérium du Dauphiné måndag.
Cort var suveren i spurten opp Col de la Loge og kunne krysse mållinja først i eit tjukt tåkehav. Det gjorde han etter at Uno-X-laget sat langt framme i feltet i jakta på brotet i front.
– For ein opphenting på siste kilometer. Det er Uno-X som fiksar spurten, det er Uno-X som vinn, og det er dette Magnus Cort er henta for, sa Discoverys sykkelkommentator Theis Magelssen.
Sjå målgongen øvst i saka.
Sigeren er laget sin første World Tour-siger.
– Eg hadde ikkje den beste starten på sesongen. Eg sleit litt og fekk ingen store resultat. Så fekk eg ein skade, men no er det fantastisk å kome tilbake og ta ein etappesiger her, sa Cort i sigersintervjuet.
Den danske ryttaren slo stjerneryttarar som Primoz Roglic, Remco Evenepoel og Juan Ayuso.
Mads Pedersen vann opningsetappen, men blei køyrt frå i andre etappe. Dermed tok Cort over samanlagtleiinga i rittet.
Sigeren er Uno-X sin tredje strake siger. Laurdag stod Alexander Kristoff øvst på pallen, medan Jonas Abrahamsen gjorde det søndag.
– For ein periode dei er inne i. Dei klarer ikkje å slutte å vinne dette laget her, sa Magelssen.
Sett denne?
picture

Måtte gje opplæring i uttale av namnet etter sigeren

Video credit: Eurosport


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame