Cancellaras sykkellag forsterkar – hentar fleire store namn

Eurosport på Google

Tudor Pro Cycling signerer fleire store namn før den komande sesongen.

Matteo Trentin blir ein del av Tudor Cycling Pro.

Foto: Getty Images

Tudor Pro Cycling hentar fleire store namn til laget.
Det skriv sykkellaget i ei pressemelding.
Dei nye tilskota til laget er Matteo Trentin, Alberto Dainese, Michael Storer, Marius Mayrhofer, Florian Stork, Alexander Krieger og Hannes Wilksch.

Tour de France-etappevinnar på laget

Trentin går til Tudor Pro Cycling frå UAE Team Emirates, der han hadde ei toårskontrakt frå 2021. Han vart europeisk meister i 2018, og tok sin tredje individuelle Tour de France-etappesiger i 2019. I årets Tour de France var 8.plass hans beste plassering.
Alberto Dainese har to etapppesigrar i Giro d'Italia, i 2022 og 2023. Han sykla i Tour de France i 2022, der han fekk pallplassering på den 19. etappen. Den italienske syklisten kjem frå Team DSM i lag med Marius Mayrhofer og Florian Stork.
Michael Storer har det siste året sykla for Groupama-FDJ, medan Alexander Krieger har vore lagkamerat med Mathieu van der Poel og Jasper Philipsen i Alpecin–Deceuninck.
21-åringen Hannes Wilksch har sykla for Tudor Pro sitt U23-lag, men tar no steget opp til profflaget.

Totalt 27 ryttarar

Laget vil i 2024 bestå av totalt 27 ryttarar.
Tudor Pro Cycling er eit sveitsisk lag. I april 2022 tok den tidlegare syklisten Fabian Cancellara eigarskap over laget, og gjekk saman med den sveitsiske klokkeprodusenten Tudor for å sponse laget.
I desember 2022 annonserte UCI at sykkellaget vart tildelt pro-team-lisens frå og med 2023-sesongen.
Sett denne?
picture

Fekk straff for dette

Video credit: Eurosport

Gjør som 2 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame