Thingnes Bø hamna i kjempetrøbbel – dobbelt norsk på sprinten

Eurosport på Google

Det vart nok ein skuffande sprint for Johannes Thingnes Bø, men Tarjei Bø hadde derimot ein kjempesprint.

Tarjei Bø.

Foto: Getty Images

Tarjei Bø og Sturla Holm Lægreid skaut to fulle hus, og sat ein stoppar på dobbelt svensk på sprinten fredag.
– Ikkje søren om eg skulle tape mot svensken, og så var det ein motivasjon at det blei to svenskar, sa Bø til TV2 etter målgong.
I staden vart det dobbelt norsk, der Bø gjekk heilt til topps. Holm Lægreid gjekk inn til mål 4.90 sekund opp til Bø.
Sigeren var Bø sin 13. siger i verdscupen. Sist gong han vann eit individuelt renn i verdscupen var 20. mars 2021.

Gjekk svært fort

Johannes Dale-Skjevdal opna det norske showet fredag i Hochfilzen. Han fekk to bom fordelt på dei to skytingane, men gjekk svært fort i sporet.
Ein annan Johannes såg derimot ut til å kunne vere farleg for Dale-Skjevdal. Thingnes Bø hadde ei god leiing inn til andre skyting, men rakna på standplass, og gjekk på tre bom. Det sendte han nedover på resultatlistene.
Dermed låg det an til eit kjempedrama om pallplassane. Fleire skaut godt og klarte å hamle opp med den høge farta til Dale-Skjevdal, blant anna Sebastian Samuelsson, Martin Ponsiluoma, Vetle Sjåstad Christiansen, Lægreid og Bø.
Samuelsson gjekk inn i mål som nummer ein, 9.20 sekund ned til Dale-Skjevdal, medan svenske Ponsiluoma klarte å snike seg mellom dei to, og gjekk inn til ein foreløpig andreplass.
Storebror Bø leverte ein kjempesprint og gjekk inn 10 sekund framfor Samuelsson.

Kjempesmell på Thingnes Bø

Thingnes Bø vart nummer elleve.
– Det var eigentleg eit ekstremt bra løp. Eg følte meg heilt kanon, hadde den beste skigåinga i år og skaut fem treff på første ligg. Kor eg trakk opp tre bom frå hatten der, det veit eg ikkje, oppsummerte Thingnes Bø.
Laurdag skal herrane gå 12,5 kilometer jaktstart. Verdscuphelga blir avslutta med stafett søndag.
Sett denne?
picture

Klare forventninger til seg selv: – Må klare å holde ut hele sesongen

Video credit: Eurosport

Gjør som 2 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame