Stortalentet imponerte: – Klar for verdscup
Publisert 12/11/2023 klokken 13:09 GMT+1
Juni Arnekleiv imponerte NRK-kommentatorane på søndagens fellesstart i skiskyting.
Juni Arnekleiv
Foto: NTB
Søndag var det duka for sesongens første fellesstart for dei norske skiskyttarane.
Ingrid Landmark Tandrevold gjekk på tre bom, men med svært høg fart i sporet, gjekk ho inn til ein fjerdeplass.
Stortalentet Juni Arnekleiv vann fellesstarten, til trass for ladeproblem på siste skyting, og éin bom.
– Eg er veldig gledeleg overraska over Juni Arnekleiv, sa NRK-ekspert Synnøve Solemdal.
/origin-imgresizer.eurosport.com/2023/11/12/3824649.jpg)
Ingrid Landmark Tandrevold.
Foto: NTB
Imponerte
Tandrevold skrudde opp tempoet frå start. Ho gjekk frå resten av feltet, og skaffa seg ei luke allereie før første skyting. Den leiinga varte derimot ikkje lenge, då ho bomma éin gong og hamna bakpå etter at skytinga var overstått.
Gårsdagens vinnar, Lisa Vitozzi, tok leiinga ut frå første skyting, med Emilie Kalkenberg like bak.
Etter tredje skyting hadde Tandrevold tatt over leiinga på ny, medan Juni Arnekleiv imponerte stort, og gjekk ut til som nummer to.
Vitozzi hang framleis med, og det var difor duka for ein stjerneduell inn mot siste skyting. Der gjekk Tandrevold på to bom, medan både Arnekleiv og Vittozzi skaut fullt hus.
– Eg prøvde å vere offensiv og berre gå på. Eg hang meg litt opp i den første bommen, så då kom det ein til. Då var det desto morosamare at det var Juni som fekk det til, sa Tandrevold til NRK.
Kniven på strupen
Fleire profilar hadde kniven på strupen for å kjempe seg inn på verdscuplaget som skal konkurrere i første verdscuprenn i Östersund i slutten av november. Berre Tandrevold og Karoline Knotten er garantert ein startplass der.
Løparar som Ida Lien, Marthe Kråkstad Johansen og Juni Arnekleiv måtte begge prestere for å gå seg inn på verdscuplaget.
– Det er i alle fall ingen tvil om at Marthe Kråkstad Johansen er klar for verdscup. Det kan vi i alle fall slå fast, seier ekspertkommentator i NRK, Ola Lunde.
– Og Juni Arnekleiv trur eg vi skal slå fast også, la kommentator Ingrid Sørli Glomnes til.
– Ja, ho er også klar, svarer Lunde.
Kråkstad Johansen gjekk inn til ein andreplass. Vittozzi vart nummer tre.
Sett denne?
/origin-imgresizer.eurosport.com/2023/09/20/3788495-77059828-2560-1440.jpg)
Kvitfjell tilbake på programmet: – Stort
Video credit: Eurosport
Relatert
Reklame
Reklame