Sjåstad Christiansen slo tilbake etter vraking: – Hemnen er søt
Publisert 13/01/2024 klokken 15:24 GMT+1
Vetle Sjåstad Christiansen leverte eit superløp på sprinten i Ruhpolding.
Vetle Sjåstad Christiansen.
Foto: Getty Images
Vetle Sjåstad Christiansen tok ein overlegen siger på sprinten laurdag.
– Det var eit tilnærma perfekt løp. Eg er «superhappy», sa Christiansen til NRK etter målgong.
31-åringen skaut to fulle hus, og gjekk inn på tida 22:27,2, nesten 17 sekund før nestemann på lista Tommaso Giacomel.
Christiansen vart vraka ti Oberhof, men gjekk siste etappe då Noreg gjekk til topps på torsdagens stafett. Etterpå gjekk han hardt ut mot leiinga og kalla dei «inkompetente».
– Frå å vere verdas mest deppa skiskyttar førre veke til å vere verdas lykkelegaste no. Det er til å bli gal av. Hemnen er søt.
Tarjei Bø skaut også feilfritt, og gjekk ut frå siste skyting på ein andreplass, 3,5 sekund bak Giacomel. Nordmannen greidde ikkje å ta igjen italienaren, og vart nummer tre.
Lillebror Johannes Thingnes Bø har slitt med sjukdom den siste veka. Han var friskmeldt til sprinten, der han gjekk inn til ein niandeplass etter éin bom.
– Det var litt handbrekket på i starten. Men så kjente eg at eg ikkje var så stiv og sliten, så eg kjempa meg inn på slutten. Eg er eigentleg veldig fornøgd med løpet, sa Thingnes Bø til NRK.
Sett denne?
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/01/13/3860314-78439213-2560-1440.jpg)
SE: Vickhoff Lie med stygt fall
Video credit: Eurosport
Relatert
Reklame
Reklame