Populære sporter
All sport
Vis alt

Avlyser Holmenkollen-renn

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 29/02/2024 klokken 14:17 GMT+1

Kvinnene får ikkje gå verdscup i Holmenkollen torsdag.

Ingrid Landmark Tandrevold.

Foto: Getty Images

Torsdag skulle kvinnene gå normaldistanse i verdscupen i Holmenkollen. Det har blitt avlyst på grunn av mykje tåke.
Juryen valde å avlyse rennet rundt ein halvtime før skiskyttareliten skulle stå på startstreken.
– Det er veldig synd for oss som arrangør at renn blir avlyst. Vi synest først og fremst synd på utøvarane og fansen som hadde kome hit til trass for det elendige vêret, seier sjef i Holmenkollen Skifestival, Stefan Marx, til NTB.
Rennet skal etter planen heller gå fredag, men tidspunktet er ikkje klart. Dermed må Ingrid Landmark Tandrevold og resten av skiskyttarane vente ein ekstra dag før dei får konkurrere i den første konkurransen etter VM i Nove Mesto.

Kompanserer publikum

Publikum som torsdag måtte reise heim får også ein ny moglegheit til å sjå verdas beste skiskyttarar for både menn og kvinner fredag.
– Dei som hadde billett i dag, får en billett til i morgon som erstatning. Vi har heldigvis litt plass i anlegget då, seier Marx.
Han var ikkje sjølv involvert i avgjerda om å avlyse rennet.
– Ein prøvde i det lengste å gjennomføre, og vi fekk beskjed fleire gonger om at det ville bli renn. Diverre ble tåka til slutt så tett at det blei for vanskeleg. Det var juryen som tok avgjerda, seier Marx.

lovande nyheiter

Herrane skal også etter planen konkurrere fredag.
– Det vi har fått frå meteorologane ser lovande ut. Då skal vêret lette frå lunsjtid. Dermed gledar vi oss til fine renn i morgon, seier han.
Laurdag står fellesstart for både kvinner og menn på programmet.
(©NTB/Discovery)
Sett denne?
picture

Dette har Tandrevold gjort etter VM: – Høres kanskje litt rart ut


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame