Trur OL er i fare etter bonusordning: – Må beskytte sporten

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 18/04/2024 klokken 09:14 GMT+2

Etter at det vart kjent at friidrettsutøvarane kan innkassere 500.000 norske kroner for OL-gull, vil utøvarar i ein annan idrett få det same.

Løftet seg kraftig etter Rio-OL: – Jobbet intenst i mange år

  • OL i Paris ser du på TVNorge og den nye strømmestjenesten Max!
I midten av april annonserte Det internasjonale friidrettsforbundet (WA) at eit OL-gull i dei komande sommarleikane i Paris vil utløyse ein bonus på 535.000 kroner. Det er første gong at eit internasjonalt særforbund betalar ut pengar for eit OL-gull.
Avgjerda vekka oppsikt, og agenten til Jakob Asserson Ingebrigtsen, Daniel Wessfeldt, uttalte til svenske Expressen at det heile kan verke urettferdig for andre idrettar.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
picture

Her tennes OL-ilden

– Openberr kontrast

Det har symjarane sagt seg einig i. Tom Dean, som tok to gull under OL i Tokyo, meiner symjeforbundet bør gjere det same.
– Det er ganske tøft når nokon som har drive med friidrett, som har jobba akkurat like hardt som deg i så mange år, får økonomisk lønning for å vinne medaljar. Det er ein ganske openberr kontrast, seier Dean ifølge The Guardian.
Svømmaren meiner folk blir overraska over at utøvarar ikkje får premiepengar for OL-gull, når dei gjer det i EM og VM blant anna, spesielt fordi det er så mange sjåarar.
– Når vi svømmer i OL har vi millionar av sjåarar. Det er vi som gjer jobben. Det ville vore flott å få noko tilbake for det. Det er klart at vi ikkje gjer det for pengar, men eg håper det som har skjedd i friidretten vil ha ein effekt i andre idrettar, held Dean fram.

Trur folk kan gå til «doping-OL»

Lagkameraten til Dean, Matt Richards, meiner Den internasjonale olympiske komité (IOC) og symjeforbundet må gjere grep for å sikre at folk vil delta i OL. Han trur utøvarar kan bli freista til å delta i konkurransar som Enhanced Games, også kalla «doping-OL» då det er tillate med doping, der ein kan vinne 1 million dollar for å slå verdsrekorden.
– For å beskytte sporten, for å beskytte OL og for å beskytte alt som er bra med det vi gjer, må forbunda begynne å gi litt pengar til utøvarar for å helde dei frå slike ting. Det må vere samtalar om korleis vi kan støtte idrettsutøvarane under OL, for det er ikkje amatørleik lenger, seier Richards.
Dagen etter bonusordninga vart kunngjort uttalte IOC at dei hadde eigne måtar å finansiere utøvarar på.
– IOC fordelar 90 prosent av alle inntektene sine til nasjonale olympiske komitear og internasjonale idrettsforbund. Det er opp til dei å bestemme korleis dei vil bruke dei for å utvikle sporten og utøvarane, sa IOC til CNN.
Under Paris-leikane er det lagt opp til at kvar av dei 48 vinnarane av friidrettsøvingane blir tildelt 50.000 dollar. Planen er at pengepremiane blir meir splitta opp under OL i Los Angeles i 2028. Då er tanken at også utøvarane som tar sølv og bronse skal bli premiert.
Fått med deg denne?
picture

Slik vil Paris takle varmen under sommer-OL

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame