Historisk opningsseremoni under OL: – Sa det ville bli vanskeleg

Eurosport på Google

Thomas Bach, presidenten i IOC, ville ha opningsseremonien i Paris utandørs. Det skjedde ikkje utan motstand.

Ol ilden tennes

Video credit: Eurosport

Følg OL i Paris på Eurosport.no, TVNorge og den nye strøymetenesta Max! 
For første gong i OL-historia skal opningsseremonien vere utandørs, nærmare bestemt på elva Seinen, som renn gjennom Paris.
Opningsseremonien er inspirert av ungdoms-OL i Buenos Aires i 2018.
– Der hadde vi ein opningsseremoni utandørs som fungerte utruleg bra, seier presidenten av Den internasjonale olympiske komité (IOC), Thomas Bach, til Discovery.
picture

IOC-president Thomas Bach.

Foto: Getty Images

Bach sa til Tony Estanguet, leiar av Paris 2024 sin organisasjonskomité, at han kunne tenkt seg ein utandørsseremoni i Paris også.
– Tony sa det ville bli veldig vanskeleg. Vi held fram samtalen og kom tilbake til ideen gong etter gong. Så sa Tony: Eg trur verkeleg det er ein god idè.
Først vurderte dei Champs-Élysées som ein stad å ha opningsseremonien, før Estanguet kom på ideen om å bruke Seinen.
– Det var endå betre nyheiter, for den ideen var mykje betre enn nokre av dei andre løysingane, seier Bach.
160 båtar med utøvarar og funksjonærar frå over 200 land skal gjennom ein seks kilometer lang distanse. Totalt vil det vere omtrent 10 500 personar på Seinen fredag 26. juli.
Opningsseremonien ser du på strøymetenesta Max 26. juli klokka 20:24.
Sett denne?
picture

Olympic Games 2024 : Tony Estanguet on how Paris 2024 will face the high temperature

Video credit: Eurosport


Gjør som 2 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame