Langrennsprofil legg opp

35-åringen har bestemt seg for å setje punktum for karrieren.

Vil hevde seg på uvanleg distanse: – Meir utfordrande for meg

Video credit: Eurosport

  • Sjå OL i Paris på TVNorge og den nye strøymetjenesta Max!
Sjur Røthe legg opp som langrennsløpar. Det stadfestar 35-åringen på Instagram.
– 13 år på landslaget i langrenn har budd på mykje. Enorme oppturar, nokre nedturar og utruleg mange minnerike opplevingar med mine beste kompisar. Det blir nokre treningsturar framover, men ikkje som aktiv på toppnivå, skriv den tidlegare verdsmeisteren.
Til VG utdjupar Røthe valet:
– Eg slit med å tru at eg skal klare å vinne verdscup igjen. Det er ikkje altfor lenge sidan eg tok ein individuell medalje, men likevel: Det har ikkje gått på skinner etter det. Det er grunnen, seier Røthe til avisa.
Etter 13 år på landslaget står Røthe med tre VM-gull og tre VM-bronsar. Sist individuelle medalje kom i Planica i 2023.
Røthe sleit mykje med sjukdom og skade førre sesong. Denne sesongen vart han vraka til landslaget.
– Det tærer på sjølvtilliten å ikkje gå fort på ski så lenge. I fjor la eg ein plan om å gå VM i Trondheim, men akkurat no klarer eg ikkje heilt å sjå korleis det skal gå, seier Røthe til avisa.
Sett denne?
picture

Kilde med oppløftende nyheter: – Går veldig mye bedre

Video credit: Eurosport


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame