Populære sporter
All sport
Vis alt

Dette er langrennslandslaga for VM-sesongen

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 24/04/2024 klokken 15:15 GMT+2

Onsdag tok forbundet ut utøvarane som skal representere Noreg sitt landslag i VM-sesongen.

Johannes Høsflot Klæbo og Kristine Stavås SKistad returnerer til landslaget.

Foto: NTB

Skiforbundet har tatt ut landslaga for 2024/25-sesongen.
Allereie før Skiforbundet offentleggjorde langrennslandslaga for den komande sesongen var det kjent at Kristine Stavås Skistad og Johannes Høsflot Klæbo returnerer til landslaga.
– Det er fint å vere tilbake. Eg har reist med dei i heile vinter og konkurrert, så det følast ikkje ut som at det er lenge sida eg såg dei, men det er godt å vere tilbake, sa Klæbo under uttaket.
Trøndaren Anne Kjersti Kalvå er tatt ut på landslaget i sesongen der VM kjem til Trondheim.
– Det er utruleg stort. Det er ein vill oppleving som ventar oss der, sa Kalvå under presentasjonen.

Ny inndeling

Nytt for sesongen er at det berre er eitt herrelag. Tidlegare har det vore delt opp i eitt sprintlag og eitt distanselag.
– Det falt seg naturleg for meg. Eirik Myhr Nossum vart tilsett som min assistent i 2015, så ringen er slutta og velkommen tilbake, spøkte Arild Monsen.
– Det er motiverande å få ei slik gåvepakke å få eitt lag. Utviklinga i norsk og internasjonal langrenn er slik at det er fleire og fleire utøvarar som meistrar sprint og femmil, heldt langrennstrenaren fram.
Elleve utøvarar er tatt ut til laget, deriblant nykommarane Ansgar Evensen og Iver Tildheim Andersen. Sistnemnde rykkar opp frå Equinor rekruttlandslag i lag med Margrethe Bergane og Kristin Austgulen Fosnæs.

Slik er laga

Herrelandslaget:
Pål Golberg
Simen Hegstad Krüger
Håvard Solås Taugbøl
Didrik Tønseth
Ansgar Evensen
Johannes Høsflot Klæbo
Erik Valnes
Martin Nyenget
Harald Østberg Amundsen
Even Northug
Iver Tildheim Andersen
Kvinnelandslaget:
Lotta Udnes Weng
Mathilde Myhrvold
Julie Myhre
Heidi Weng
Anne Kjersti Kalvå
Tiril Udnes Weng
Margrethe Bergane
Kristin Austgulen Fosnæs
Kristine Stavås Skistad
Det betyr at Helene Marie Fossesholm, Ingvild Flugstad Østberg, Marte Skaanes, Ane Appelkvist Stenseth, Sindre Bjørnestad Skar og Sjur Røthe er ute.
Para Elite: 
Vilde Nilsen
Indira Liseth
Trygve Toskedal Larsen
Thomas Karbøl Oxaal og ledsager Geir Lervik
Sett denne?
picture

Gliser av spørsmål: – Ganske fornøgd med den


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame