Populære sporter
All sport
Vis alt

Sterkt kritisk til forbundet: – Heilt utilgiveleg

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 25/08/2023 klokken 09:33 GMT+2

Tidlegare ishockeyspiller Erik Follestad og sportsjournalist Bendik Havdal Eriksen går hard ut mot ishockeyforbundet etter at dei kutta all aktivitet for fleire landslag. Ottar Eide svarte på kritikken, før TV 2 fredag morgon melder at han har fått sparken som generalsekretær i Norges Ishockeyforbund.

Ottar Eide og Erik Follestad.

Foto: NTB

– Arbeidet som hockeyforbundet har gjort er altfor dårleg, seier Erik Follestad i Discovery-podkasten «Indre Bane».
Fredag kom nyheita om at ishockeyforbundet såg seg nøydde til å kutte all aktivitet for fleire landslag, både A-landslaget og nesten alle U-landslaga ut året. Grunnen til dette er blant anna på grunn av ein enorm kostnadsauking for reiser og samlingar, samt manglande inntekter. Blant anna trakk to sponsorar seg ut av samarbeidet.
Nyheita om aktivitetskutt i landslaga falt ikkje i god jord hos tidlegare ishockeyspelar Follestad, eller sportsjournalist i Hamar Arbeiderblad, Bendik Eriksen.
– Dei har vore veldig svake på å skaffe seg inntekter. Dei kan ikkje berre sitte på ræva og vente på at ting skal skje, seier Eriksen i Discovery-podkasten.
Det seier Follestad seg einig i:
– Det er hårreisande at ein ikkje klarer å få med sponsorar vidare, eller få inn nye.
Fått med deg denne? Saka held fram etter videoen.
picture

Bryter ut i latter av lagkompisens utsagn: – Snakk for deg selv!

Verst for dei yngre spelarane

Follestad meiner det største problemet med kuttet, er at unge ishockeyspelarar går glipp av ein moglegheit til å spele på aldersbestemt landslag.
– Eg hugsar sjølv det å kome inn på juniorlandslag for første gong. Det er desidert det største. Dei tinga blir tatt bort no.
Fredag morgon melder TV 2 at generalsekretæren i ishockeyforbundet, Ottar Eide, er ferdig i jobben. Eide fortalte i podkasten at landslaga berre er satt på vent denne hausten, men at dei er trygge på at ting ser heilt annleis ut i 2024.
– Vi gjer alt vi kan for at dette berre blir éin gong. Det er veldig kjipt for så mange no, og det svir, men éin ting vi skulle beskytte i ned­bemanninga var sporten. Alle som er på utvikling, oppretthaldast for fullt. Tobias, landslagstrenaren, er framleis ute i miljøa, og det er viktig for utviklinga av enkeltspelarar, uttalte han.
Den unnskyldninga kjøper ikkje Follestad.
– Du kan seie at dei har kontroll på at dei skal kunne drifta bra frå 2024, men du tar bort eit halvt år frå unge hockeyspelarar, kanskje den mest verdifulle tida for nokon spelarar. Det er heilt utilgiveleg, sa han.

Klubb fekk poengstraff for økonomien

Follestad reagerer spesielt på at forbundet Sparta Ishockey Elite fekk poengtrekk i april for å ikkje ha nådd eit delmål i den økonomiske planen til klubben, medan forbundet sjølv slit økonomisk.
– Sparta kunne leggje fram og vise til ein kjempegod plan med langsiktige og trygge mål, men det var ikkje den malen forbundet hadde satt opp, så då gjaldt ikkje det, seier Follestad og held fram:
– Dei trekk Sparta tre poeng for å statuere eit døme, og så står liksom Hallgeir Kvadsheim og banker på døra nede på Ullevål, og det er ikkje orden på nokon ting.
Eide blei konfrontert om det kom til å bli vanskelegare for forbundet å skulle handtere eit lisensregelverk og ileggje poengstraff for økonomisk rot, i podkasten.
– Eg trur vi alle er einige om at å handtere klubbane så rettferdig som mogleg, handlar om innhaldet i klubblisensrelgementet blant anna. Det må vere like vilkår på dei same tinga, og eg trur vi klarer å skilje dei to tinga frå kvarandre, sa han.
– Vi får mange kommentarar på det, sjølvsagt. Det må vi stå i, la Eide til.

Har gjort grep

Eide fortel at han skulle hatt ein betre plan B når dei skjønte at to av sponsorane kanskje ikkje kom til å fornye kontrakten.
– Vi visste ikkje at avtalen blei terminert, men vi hadde dialog med dei. Dei sa dei var i ein krevjande situasjon dei også, og at det kunne vere at dei ikkje kunne forlenge. Det skjedde, og då var ikkje vi tilstrekkeleg framme i skoa akkurat då. Det burde vi ha vore.
Tidlegare i sommar annonserte forbundet at dei nedbemanna, på grunn av ein krevjande økonomisk situasjon. I løpet av sommaren såg dei også at dei grepa ikkje heldt, og at dei måtte gjere fleire og sterkare grep. Eide fortel at han skulle ønske at han gjorde grep tidlegare.
– Det er lett å sjå kva ein kunne gjort annleis, når ein ser seg tilbake. Noko av det som er mest ergeleg, er at vi ikkje har vore gode nok til å jobbe på marknad og sikre oss betre i slutten av 2022 og inn i 2023. Hadde eg starta på nytt i november no, ville eg putta mykje meir ressursar inn der, seier han.
Generalsekretæren fortel at forbundet har gjort grep for å kunne stå sterkare i året som kjem.
– Vi har engasjert Jon Tore Thorstensen, tidlegare dagleg leiar i Vålerenga, til å arbeide med sponsorar. Han har eit veldig stort nettverk og har tidlegare skaffa oss store avtalar i mange år. Det kan føre til at vi kan sjå inn i 2024 med eit anna lys enn vi står i no, uttalte Eide i podkasten.
Sett denne?
picture

Folles OL: – Når det blir spennende, må du «gjærra sånn her»

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame