Populære sporter
All sport
Vis alt

Opnar opp for VM-spel for Noreg

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 19/04/2024 klokken 19:03 GMT+2

Mats Zuccarello vil spele VM for Noreg i mai. Det er første gong på åtte år.

Mats Zuccarello.

Foto: Getty Images

På ein pressekonferanse fredag stadfestar Mats Zuccarello at han vil spele VM i mai.
– Om eg kjem med på laget, sa Zuccarello ifølge journalisten Michael Russo.
Nordmannen har ikkje spelt for Noreg i VM sidan 2016 i Russland.
Agenten til Zuccarello, Kevin Skabo, stadfestar utsegna.
– Det er lenge sidan han har kunne representere landslaget og har lyst til det no, fortel agenten til nitten.no fredag ettermiddag.
Også generalsekretær i ishockeyforbundet har stadfesta til nettsida at Zuccarello vil spele VM. Hockeystjerna skal ha meldt frå at han ønsker å vere med.
Noreg speler opningskampen mot Sveits 10. mai. Dei er også i gruppe med blant anna Canada og Finland.
I august skal Noreg prøve å kvalifisere seg til OL i 2026.
Zuccarello speler til dagleg for Minnesota Wild. Laget er ikkje med i NHL-sluttspelet i etter at dei tapte mot Seattle Kraken natt til fredag norsk tid.
– NHL-sesongen er ferdig for Mats sin del. For første gong på lenge blir det ikkje noko NHL-sluttspel på han. Han er i tillegg skadefri, seier Skabo.
I 2010 debuterte han i NHL for New York Rangers, og blei med det den sjuande nordmannen til å spele i ligaen.
Sett denne?
picture

Opnar opp om valet: – No er eg mett


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame