Angrar på Stöckl-kommentar: – Ikkje nødvendig

Johann André Forfang reagerte i media etter Alexander Stöckl sitt intervju i Dagsnytt 18. No angrar hopparen på utsegna.

Johann André Forfang.

Foto: Getty Images

  • Følg verdscupen i Hinzenbach søndag på discovery+ frå 13:30
Fredag sat landslagstrenar Alexander Stöckl seg ned i NRK si Dagsnytt 18-sending for å snakke om bråket som har vore rundt det norske hopplandslaget den siste tida. Det fekk skihoppar Johann André Forfang til å reagere.
– Det var ikkje avtalen. Han får styre på. Det er vanskeleg å synse noko rundt det før ein veit kva ein skal seie. Han er på ein sympatirunde i media, sa Forfang til NRK.
Ifølge Forfang hadde landslagshopparane og Stöckl eit møte der dei vart einige om å berre uttale seg om sport i media, og halde bråket internt.

Angrar

Før laurdagens skiflyging i Oberstdorf beklaga Tromsø-hopparen kommentaren.
– Den var jo ikkje nødvendig for noko framgang i nokon som helst prosess. Ja, nei, eg blei lokka litt utpå der, seier Forfang til Viaplay.
Stöckl kalla kritikken frå Forfang «urettferdig».
– Eg stiller opp for media, slik eg alltid har gjort. Eg blei bedt om å kome hit og det er difor eg kom. Det er noko eg berre må gjere, som ein del av jobben min. Det synest eg er veldig urettferdig å seie. Det følast vondt, rett og slett, sa Stöckl til NRK.
Landslagstrenaren var svært prega under Dagsnytt 18-sendinga.
– For augneblinken er eg ganske langt nede i kjellaren. Eg trur eg må ta vare på meg sjølv og familien for å sikre at eg overlever, sa trenaren.

– Føler hoppinga snakkar for seg

Verken Stöckl eller sportssjef Clas Brede Bråthen er på plass under verdscuprennet i Oberstdorf i helga.
Fredag vart Noreg nummer to i superteam-konkurransen. Forfang meiner det norske landslaget har klart å vise seg fram innan sporten over tid no.
– Det følar eg vi har gjort sidan Willingen. Vi har pallplassar kvar einaste helg sidan. Eg føler hoppinga vår snakkar for seg, seier hopparen til Viaplay.
Sett denne?
picture

Tatt på senga av pris: – Kanskje ikke så rart

Video credit: Eurosport


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame