Reagerer på reglar: – Kan opplevast som urettferdig

Eurosport på Google

Livet som strekspelar kan vere brutalt. Det har Petter Øverby fått oppleve på nært hald.

Brutal posisjon: – Kan bli litt irritert

Video credit: Eurosport

  • Sjå Noreg mot Ungarn onsdag klokka 09:00 på TVNorge og Max!
PARIS/OSLO (Discovery):
Landslagsspelar Petter Øverby har ofte fysisk tøffe dagar på jobb. Som strekspelar er riving i trøye og armar, knuffing og slag sentrale delar av handball-livet.
– Du må vere ganske glad i kroppskontakt og glad i å ha det litt vondt. Det er ganske intensivt, men vi liker det og er vande med det, seier Øverby til Discovery.
Landslagssjef Jonas Wille meiner mange ikkje forstår kor tøft det er å vere strekspelar.
– Ein skal stå og skyve på folk i forsvar, så skal ein springe opp og skyve på folk der. Det er ein krevjande posisjon, for det krev så ekstremt mykje nærkamp.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
picture

– Det er lekkert

Video credit: Eurosport

– Kan bli irritert

Sjølv om Øverby trivs i rolla som strekspelar, kan han likevel bli noko oppgitt over ting som skjer på bana.
– Ein kan bli litt irritert om ein får eit skot i hovudet, og spelaren fullfører med handa i ansiktet ditt.
Nettopp det skjedde med lagkamerat Magnus Gullerud mot Frankrike. Han fekk seg ein smell i ansiktet frå ein fransk angrepsspelar då han sjølv stod i forsvar, og dommaren gav ikkje Frankrike noko straff for det.
– Eg såg auget hans i dag. Hadde eg gjort noko slikt i forsvar hadde eg i alle fall fått blått kort. Det er mange reglar som beskyttar angrepsspelarar, men det er ikkje så mange reglar som beskyttar forsvarsspelarar sånn sett, seier strekspelaren.
– Det kan vel opplevast som om det er litt forskjellsbehandling?
– Det kan opplevast som urettferdig nokre gonger, men det er ein del av gamet, så då lev ein med det.
picture

Magnus Gullerud fekk ein smell i ansiktet mot Frankrike.

Foto: NTB

Møter Ungarn

Onsdag morgon møter Noreg Ungarn. Det norske landslaget går inn i kampen med stor sjølvtillit etter å ha slått regjerande olympiske meistrar Frankrike.
– Det blir mykje av det same som vi såg mot oss mot Frankrike. Dei har litt annleis samansetning i spelarstallen. Dei har nokre små, individuelle fintesterke spelarar også, så det kjem litt an på kven som står på bana og kva som møter oss defensivt, seier Øverby.
Strekspelaren er klar på kva dei skal gjere for å utnytte Ungarn sine svakheiter i kampen.
– Vi skal utnytte at dei er større og tyngre enn oss, så vi får springe litt fleire kontringar enn vi gjorde mot Frankrike.
Vidare i leikane skal Noreg møte Egypt fredag og Danmark søndag.
Fått med deg denne?
picture

Euforisk Norge-juvel: – Det er helt sykt

Video credit: Eurosport


Gjør som 2 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame