Noreg redda uavgjort mot Danmark i OL-oppkøyringa
Oppdatert 11/05/2024 klokken 18:15 GMT+2
Det vart ein spennande handballfest i Jordal Amfi då Noreg møtte Danmark. I sluttsekundane sikra Tobias Grøndahl uavgjort.
Tobias Grøndahl (t.h.) redda uavgjort mot Danmark.
Foto: NTB
• Følg OL i Paris på Eurosport.no, TVNorge og den nye strømmetjenesten Max!
Kampen enda til slutt 36-36.
Då det var eitt minutt igjen av kampen stod det heilt likt. Danmark scora så i sitt angrep, og Noreg var avhengig av ei scoring i sitt neste angrep. Tobias Grøndahl limte ballen oppe i hjørne med fem sekund igjen på klokka og sørga for at Noreg spelte uavgjort mot Danmark.
– Eg skaut berre blindt eg, og såg at den hamna i mål. Det er gøy. Vi utfordra Danmark på denne dagen her. Vi slit litt i forsvarsspelet, men angrepsspelet sit frykteleg godt i dag, sa Grøndahl til TV 2 etter kampslutt.
Ved pause stod det 22-21, men då laga returnerte frå pause gjekk danskane frå 23-25 til 28-26.
Danskane såg ut til å dra frå ytterlegare, men takka vere solid målvaktsspel frå Torbjørn Bergerud klarte det norske laget å utlikne til 35-35.
Danmark hadde vunne tolv av dei 14 siste oppgjera, medan Noreg berre stod med éin siger.
Laga er i same gruppe i OL-gruppespelet.
(©NTB/Discovery)
Sett denne?
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/05/11/3965885-80512408-2560-1440.jpg)
Tok inn debutant i siste turneringstest før OL: – Ei overrasking
Video credit: Eurosport
Relatert
Reklame
Reklame