Landslagsspelar klar for ny klubb

Magnus Abelvik Rød forlèt Kolstad.

Magnus Abelvik Rød.

Foto: NTB

Kolstad-spelar Magnus Abelvik Rød har signert for den ungarske klubben PICK Szeged.
Det bekreftar klubben på Instagram.
– Eg gler meg veldig til å spele for dykk frå og med neste sesong, seier den norske spelaren til klubben.
Der blir han kollega med norske Emil Imsgard.
Tidlegare Elverum-trenar Michael Apelgren tar over den ungarske storklubben frå sommaren 2024.
Janus Smarason, tidlegare Kolstad-spelar, har også signert for klubben.
I mars skal herrelandslaget ut i OL-kvalifisering. Det vil bli utan Abelvik Rød då han måtte operere etter eit brot i foten som han drog på seg under EM.
Dei to beste i gruppa blir kvalifisert til OL.

Dette er programmet for OL-kvalifiseringa:

14. mars 18:30 Noreg - Portugal
16. mars 19:30 Noreg - Ungarn
17. mars 18:30 Noreg - Tunisia
Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame