Hovland i teten etter kjemperunde
Oppdatert 18/05/2024 klokken 12:07 GMT+2
Viktor Hovland gjekk av andrerunde av PGA Championship med fem slag under par.
Hovland merkar endring: – Føler eg er mykje meir i kontroll
Video credit: Eurosport
- Følg OL i Paris på Eurosport.no, TVNorge og den nye strøymetenesta Max!
Viktor Hovland enda andrerunda på 66, fem slag under par. Før fredagens runde låg han på -3 totalt.
– Det er ein fin score. Det har ikkje vore så lett for meg dei siste månadane, så det er fint å kunne byggje litt moment og spele to gode rundar på rad, sa Hovland etter runda.
Nordmannen opna runda med tre strake par, før det small på neste hol.
På hol fire fann han fairway på utslaget og hadde 68,5 meter til flagget. Derifrå klarte han å senke ein eagle, etter at ballen spratt ein gong på green, før den hamna ned i holet.
Sjå intervju med Hovland etter runda øvst i saka.
Hovland måtte derimot notere seg ein treputt bogey på neste hol. Det retta han opp igjen ved første moglegheit etter å ha slått eit innspel frå 190 meter.
– Eg får ein veldig fin start med å senke andreslaget på hol fire. Så gjer eg ein kjip bogey på neste, men så byrjar eg å gjere eit par birdiar på dei neste og eg føler eg er meir i kontroll, sa Hovland etter runda.
På hol sju vart den andre birdien for runda eit faktum. Ekeberg-guten avslutta «front nine» med par.
Nordmannen noterte seg tre birdiar og ein bogey på dei siste ni hola. Han er totalt åtte slag under par, og foreløpig på ein delt 8. plass.
Runda starta seinare enn først meldt, då den vart utsett etter ei dødsulykke nær bana.
Fått med deg denne?
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/05/12/3967081-80536333-2560-1440.jpg)
Må le av egen kjempetabbe
Video credit: Eurosport
Relatert
Reklame
Reklame