Populære sporter
All sport
Vis alt

Hovland påmeldt ny turnering

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 17/05/2024 klokken 23:59 GMT+2

Charles Schwab Challenge har offentleggjort lista over spelarar som er påmeldt til turneringa som startar neste veke. Der står namnet til nordmannen.

Opnar opp om endringane: – Er ikkje så lett at ein speler bra golf resten av livet

  • Sjå Charles Schwab Challenge frå torsdag til søndag på discovery+!
Viktor Hovland er påmeldt Charles Schwab Challenge som startar torsdag. Det kjem fram gjennom startlista.
Nordmannen har trekt seg frå fleire turneringar denne sesongen, men har spelt Wells Fargo Championship førre veke og PGA Championship denne veka.
Han har tidlegare uttalt til Discovery at han ikkje vil spele turneringar når ting ikkje sit.
– Då vil eg heller bruke den tida på å få ting på plass. Når kvaliteten på slaga er tilbake kan eg spele fleire turneringar, sa Hovland etter sisterunda i Genesis Invitational i februar.
Store namn som Rory McIlroy, Xander Schauffele og Ludvig Åberg står over turneringa i Texas, men verdseinar Scottie Scheffler er påmeldt.
I fjor enda Hovland på ein delt 16. plass i turneringa etter å ha gått to slag under par. Emiliano Grillo vann etter omspel mot amerikanske Adam Schenk.
Sett denne?
picture

Hovland må le av egen tabbe


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame