Warholm tok EM-gull
Oppdatert 11/06/2024 klokken 21:30 GMT+2
Karsten Warholm tok tysdag sitt tredje strake gull i utandørs-EM.
Her popper Warholm en øl-flaske med superskoen
Video credit: Eurosport
• Følg OL i Paris på Eurosport.no, TVNorge og den nye strømmetjenesten Max!
Karsten Warholm sprang inn til EM-gull på 400 meter hekk i Roma tysdag.
– Eg blir aldri lei av følelsen. Det er fantastisk godt. Eg er letta og glad, sa Warholm til NRK.
Han sprang inn på tida 46,98 og tok med det ny meisterskapsrekord.
Warholm fekk raskt ei luke til resten av konkurrentane. Alessandro Sibilio klarte å ta inn på nokre meter mot slutten, og tok sølvet med tida 47,50. Svenske Carl Berngström vart nummer tre med tida 47,94.
Etter EM-løpet fortalde Warholm at han har fått gode svar før OL:
– Eg er veldig god i rute, og er der eg vil vere. Eg har fått tre gode løp, og prøver berre å sørge for at det er ein vane at eg har gode løp.
28-åringen frå Ulsteinvik var tittelforsvarar på distansen.
Sett denne?
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/05/31/3979104-80757788-2560-1440.jpg)
Ønsket ikke å kopiere Ingebrigtsen: – Prøvd det før og hadde vondt i to måneder
Video credit: Eurosport
Relatert
Reklame
Reklame