Friidrettstalentet med klar OL-beskjed: – Ser meir realistisk ut no

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 03/02/2024 klokken 11:18 GMT+1

Henriette Jæger har verkeleg fått det til å stemme på friidrettsbana i det siste.

Valte å satse på ny grein: – Ikkje sett for meg at det skulle gå så bra

Tysdag sprang Henriette Jæger inn til ny norsk innandørsrekord på 400 meter på 51.57 sekund. Det skjedde berre ti dagar etter at ho smadra den tidlegare norske innandørsrekorden på 200 meter, og vart den første norske kvinna under 23 sekund på distansen.
– Det er veldig gøy. Eg har trena hardt i haust, og ein håper jo ein skal forbetre seg når sesongen startar. Ein ting er å håpe på det, ein annan ting er å gjere det, seier Jæger til Discovery.
I førekant av 400 meter-rekorden følte Jæger seg i god form. Så god form at ho var nokså sikker på at ho kom til å perse. Den tidlegare personlege rekorden var på 52.33 sekund.
– At eg sprang så mykje under persen min, det var veldig gøy.
At 20-åringen skulle stå med to nye norske rekordar på akkurat dei distansane på så kort tid, verka kanskje ikkje like openbart om ein skrur tida eit par år tilbake.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
picture

Spøkte om Guardiola: – Vi er jo kjent for dårlig humor

Skadeproblem

Jæger satsa nemleg mangekamp. Der var ho spådd å bli norsk friidretts nye stjerneskot, og blei kalla både «spektakulær» og «sensasjonell» då ho vann to av øvingane i sitt første internasjonale seniorstemne.
Så starta skadeproblema. 20-åringen fekk to trettheitsbrot på under eitt år, og var ute i nesten to år med skade. Etter det lange skadeopphaldet valte Aremark-utøvaren å berre fokusere på éi grein: 400 meter flatt. Det viste seg å vere ein suksess.
I oktober vart Henriette Jæger tatt ut på OL-laget. Sjå intervju med ho øvst i saka etter uttaket.
– At resultata kjem så fort, det er svært gøy å sjå, seier Jæger.
Spesielt kjekt synest ho det er at dei gode resultata kjem i ein OL-sesong.
– Det er det ein trenar for, og då er det utruleg kult å sjå at det ein legg ned gir resultat.

Vil til OL

I september storma Jæger inn til ein ny norsk rekord på 400 meter utandørs på tida 51,03. Tida var berre åtte hundredelar unna å stå på startstreken i Paris 2024. Det jobbar Jæger hardt for å få til, og den siste månaden har vore godt nytt for dei komande leikane.
– Ting ser kanskje litt meir realistisk ut no. Eg har jo alltid drøymt om å kome meg til eit OL og gjere det best mogleg der, og det blir meir realistisk når ein blir betre, seier Jæger.
Før OL står på programmet, skal Jæger uansett konkurrere i innandørs-VM.
– Eg kvalifiserte meg til innandørs-VM etter rekorden på 400 meter, så planen er å gjere det best mogleg under det stemnet. Så kjem nordisk meisterskap i Bærum neste veke, som eg ser veldig fram mot. Utan om det skal eg trene godt og gjere meg mest mogleg førebudd til utandørssesongen.
Kor fort det til slutt kan gå, er ikkje Jæger heilt sikker på.
– Det er eit godt spørsmål. Ein håper jo berre på å halde seg skadefri og at ein ikkje bli langvarig sjuk, slik at ein kan utvikle seg. Det blir spennande å sjå framover, seier ho.
Fått med deg denne?
picture

Warholm om forholdet til suksesstreneren: – Han er både mentaltrener og «mental»

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame