Friidrettstalentet med ny norsk rekord
Publisert 30/01/2024 klokken 18:39 GMT+1
Berre ti dagar etter at ho smadra den tidlegare norske rekorden på 200 meter klarte Henriette Jæger å gjenta bragda på 400 meter.
Henriette Jæger.
Foto: NTB
Henriette Jæger sprang tysdag inn til ny norsk innandørsrekord på 400 meter, på tida 51.57 sekund.
20-åringen sat rekorden under World Indoor Tour i tsjekkiske Ostrava. Før løpet hadde ho ein personleg innandørs rekord på 52,33. Utanførsrekorden hennar er på 51,03, som også er norsk rekord.
Amalie Iuel hadde den førre rekorden med 52.25.
Tidlegare i januar braut Jæger draumegrensa under eit innandørsstemne i Bærum. Då storma ho inn til kruttsterke 22.99, og blei den første norske kvinna til å springe 200 meter på under 23 sekund.
Sett denne?
/origin-imgresizer.eurosport.com/2023/10/17/3804866-77387248-2560-1440.jpg)
Valte å satse på ny grein: – Ikkje sett for meg at det skulle gå så bra
Video credit: Eurosport
Relatert
Reklame
Reklame