Planane for Bislett Games: – Håper ikkje det blir skummelt for dei som ser på

Eurosport på Google

Etter ein knallstart på sesongen med ny bestenotering på to engelske mil, har ikkje Jakob Ingebrigtsen mål om endå ein verdsrekord under torsdagens Bislett Games.

– Den som vinn på Bislett kan vinne i Budapest

Video credit: Eurosport

OSLO (Discovery):
– Det er kult at alle dei beste kjem til Oslo for å springe Bislett Games, også er det ekstra kult om eg vinn, seier han.
Det seier Jakob Ingebrigtsen i eit intervju med Discovery.
Torsdag skal 22-åringen konkurrere på 1500-meter på Bislett Games. På startstreken står eit sterkt felt, med namn som Timothy Cheruiyot og Mohamed Katir.

Ingen planar om ny verdsrekord

Under Diamond League-stemnet i Paris, fekk mellomdistanseløparen bestenotering på to engelske mil. Han klokka inn på 7.54,10.
Sjølv om Ingebrigtsen er i kanonform, er ikkje verdsrekord på Bislett noko han satsar på under Bislett Games.
– Det hadde vore fint med ein verdsrekord på heimebane, men det er nok ikkje det som skjer i morgon.
Om han så hadde slått verdsrekorden, krev han ein statue av seg sjølv utanfor Bislett stadion.
– Om eg slår verdsrekorden på 1500 meter, då fortener eg ein statue utanfor Bislett, spøkte Ingebrigtsen under onsdagens pressekonferanse.
– Om du slår rekorden i morgon, skal eg personleg sette opp ein statue av deg, svarte Bislett-general Steinar Hoen.

Generalprøve til VM

Ingebrigtsen trur mange av utøvarane bruker konkurransen på Bislett som ein generalprøve før verdsmeisterskapet i Budapest.
– Den som vinn i morgon kan med stor sannsyn vinne i Budapest. Det er stort sett dei same folka ein har sett i ein finale dei siste to åra.
Difor er han ekstra svolten på siger på distansen.
– Eg trur dei aller fleste har eit ønske om å vinne i morgon.
Har du nokre skumle planar?
– Skumle for konkurrentane kanskje, men eg håper ikkje det blir det for dei som ser på, seier friidrettstjerna og ler.
– Eg satsar på at det blir ein god kveld med mange gode resultat.
Fått med deg denne?
picture

Warholm om VM: – Det kjem til å bli spennande

Video credit: Eurosport

Gjør som 2 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame