Viking-profil ferdig i klubben: – Veldig tungt
Publisert 09/01/2024 klokken 20:05 GMT+1
Viking og den tsjekkiske klubben har kome til einigheit om ein overgong for Markus Solbakken.
Markus Solbakken.
Foto: NTB
Markus Solbakken er seld til den tsjekkiske klubben Sparta Praha.
Det bekreftar Viking på sine heimesider.
– Det er sjølvsagt veldig tungt å dra herifrå, men samtidig er ikkje karrieren så lang, og du må gripe dei moglegheitene du får, seier midtbanespelaren til klubben.
Ifølge Stavanger Aftenblad får Viking rundt 25 millionar kroner for Solbakken.
23-åringen kom til Viking frå Stabæk våren 2022, og har i løpet av perioden spelt godt over 60 kampar i mørkeblått.
– Dette har vore dei to desidert beste åra i livet mitt som speler, både på og utanfor bana, seier Solbakken.
I haust fekk han også A-landslagsdebut i privatlandskampen mot Jordan etter gode prestasjonar i Eliteserien.
Solbakken har i lengre tid vore jakta av fleire klubbar, og var i sommar nær ein overgang til Serie B-klubben Pisa, men valte heller å forlenge med eliteserieklubben.
Sett denne?
/origin-imgresizer.eurosport.com/2023/12/11/3842337-78079668-2560-1440.jpg)
Sportssjefen ordknapp om stjernespissens fremtid: – Den er tøff
Video credit: Eurosport
Relatert
Reklame
Reklame