Molde sitt Europa-eventyr er over: – Forbanna piss
Publisert 14/03/2024 klokken 22:54 GMT+1
Det sa stopp for Molde i åttedelsfinalen i Conference League.
Molde mot Club Brugge.
Foto: Getty Images
Club Brugge - Molde 3-0 (4-2 samanlagt)
Molde hadde allereie ei 2-1-leiing då dei torsdag kveld jakta på ein kvartfinale i Belgia.
Den leiinga klarte ikkje Molde å forsvare, og dermed er det norske fotballaget ute av Conference League.
Tøft frå start
Heimelaget pressa på heilt frå start og etter 30 minutt fekk dei ein kjempesjanse. Ferran Jutgla heada ballen rett i stolpen, men Molde slapp med skrekken.
15 minutt seinare kom ein ny kjempesjanse frå Club Brugge, men Molde-keeper Oliver Petersen fekk redda. Dommaren la til to minutt på klokka, og eitt minutt på overtid sat det for heimelaget og Andreas Olsen.
Laga gjekk til pause med 2-2 samanlagt.
– Det er noko forbanna piss at vi skal sleppe inn mål på slutten, sa Molde-kaptein Martin Linnes til Viaplay i pausen.
Vondt blei verre
Då laga returnerte frå kvilen tok det ikkje lengre enn to minutt før Andreas Olsen sat sitt andre mål for kvelden.
Vondt blei verre for Molde etter 70 minutt. Michal Skoras, som kom inn for Olsen, trengte ikkje meir enn fire minutt før han sendte Club Brugge opp i ei 3-0-leiing.
Molde klarte ikkje svare, og dermed sa Europa-eventyret stopp.
Både Veton Berisha og Mathias Fjørtoft Løvik måtte ut med skade i løpet av kampen.
Sett denne?
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/03/12/3928143-79795628-2560-1440.jpg)
Trur Aursnes sitt val kan vere bra for utviklinga: – Må få hovudet på rett stad
Video credit: Eurosport
Relatert
Reklame
Reklame