Tok ut sin første landslagstropp – var opptatt av éin spesiell ting
Publisert 29/08/2023 klokken 17:14 GMT+2
Tysdag tok Jan Peder Jalland ut sitt første U21-landslag. Trenaren kjenner fleire av spelarane frå før, men var opptatt av spesielt éin ting i uttaket.
Jalland om uttaket: – Skal vere nye moglegheiter for alle
Video credit: Eurosport
ULLEVAAL STADION (Discovery):
– Vi har absolutt eit mål om å kome oss til EM, prestere og vinne kampar.
Det seier U21-landslagstrenaren Jan Peder Jalland til Discovery etter hans første uttak for U21-laget vart klart tysdag.
Blanke ark
Jalland fekk jobben som U21-landslagstrenar i mai. Fram til hans første uttak, har det vore ei kartlegging for å finne ut kven som skulle bli tatt ut i troppen som skal ut i kvalifiseringskampane mot San Marino og Latvia i september.
– Det er mange spelarar som har vore sett og vurdert, og så har eg gradvis snevra inn, seier Jalland.
Trenaren stod bak eit U20-uttak i juni, og har tidlegare jobba med både 02- og 04-kullet. Han kjende difor fleire av spelarane frå før, sjølv om dette ikkje vart bakgrunnen for uttaket.
– Mange av spelarane kjenner eg frå før, men eg er opptatt av at alle har blanke ark. Det skal vere nye moglegheiter for alle, med eit nytt trenarteam og ein ny kvallik.
Ulike situasjonar
Uttaket til A-landslaget og eit U-lag er ulike situasjonar, ifølge Jalland. På eit A-landslag vil speletid i klubblaget vere ein viktig faktor. Trenaren fortel at det har spelt ei viss rolle i uttaket til U21-landslaget også.
– Speletid vil vere viktig. Vi har spelarar som har prestert veldig bra i Eliteserien, blitt seld for store summar til utlandet, og treng ein periode før dei klarer å bryte seg inn på førstelaget i ein ny klubb.
At spelarane får moglegheit til å utvikle seg gjennom eit landslag, er også ein viktig faktor i uttaket.
– Ein annan situasjon er å slå gjennom i Eliteserien, eller OBOS, og få nok speletid der. Det er ein total der som blir vurdert.
Fleire som kan spele seg inn
Jalland fortel at han er svært fornøgd med uttaket.
– Sjølv om det er nokre veldig spennande spelarar som ikkje er med, som eg har trua på kan spele seg inn i framtida, seier Jalland.
– Kva namn då?
– Alwande Roaldsøy (Atalanta), Niklas Ødegård (Molde), Daniel Bassi (Bodø/Glimt) og Magnus Rugland Ree (Viking) er fleire spelarar som vi absolutt følgjer med på, og vi ønsker å ha eit ope sinn om at det er mogleg å konkurrere seg inn her.
U21-EM blir arrangert i Slovakia i 2025. Kvalifiseringa er ferdigspelt i oktober 2024, og dei ni gruppevinnarane, pluss dei tre beste gruppetoarane kvalifiserer seg rett til meisterskapet. Dei seks andre gruppetoarane spelar play off mot kvarandre om dei tre siste plassane.
I tillegg til San Marino og Latvia er Noreg i gruppe med Irland, Italia og Tyrkia.
Sett denne?
/origin-imgresizer.eurosport.com/2023/08/27/3772098-76731888-2560-1440.jpg)
Fikk sjokk etter debuten: – Veldig vanskelig
Video credit: Eurosport
Relatert
Reklame
Reklame