Populære sporter
All sport
Vis alt

Solbakken kjem med skadeoppdateringar: – Blir sett på

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 17/11/2023 klokken 13:31 GMT+1

Martin Ødegaard meldte forfall til landslagssamlingen, mens Erling Braut Haaland fekk seg en smell under kampen mot Færøyene. Solbakken fortell at det ser bra ut med begge to.

Erling Braut Haaland og Martin Ødegaard.

Foto: NTB

STORO (Discovery):
Under kampen mot Færøyene fekk Erling Braut Haaland seg ein smell. Stjernespissen trakka feil i sluttminutta då han kasta seg fram mot mål, i håp om å føre Noreg opp i ei 3-0-leiing. Haaland vrei seg i smertar, men kom seg opp igjen og spelte ferdig kampen.
Til TV 2 fortalde landslagslege Ola Sand at City-spelaren fekk ein vriding i ankelen.

Planlagt i troppen

Landslagssjef Ståle Solbakken fortel på ein pressekonferanse fredag at han ikkje er særleg bekymra for at ankelskaden skal vere noko alvorleg.
– Eg har ikkje snakka med han i dag, men eg såg at han gjekk ok i gangen. No er det ein restitusjonsøkt som han er med på, og så blir han vel sett på av Ola (landslagslege) og fysio utover dagen, men akkurat no ser det ut som det går bra.
Haaland er planlagt å vere med i troppen som møter Skottland søndag. Det er Noreg siste kamp i EM-kvaliken.

Har prata med Ødegaard

Martin Ødegaard meldte forfall til landslagssamlinga, men var til stades under kampen mot Færøyene. Arsenal-spelaren har også stått over fleire kampar for klubben den siste tida.
– No kjem eg frå ein tre kvarters prat med Martin. Han har det betre og betre, og så trappar han gradvis opp, seier Solbakken.
Klubben har ikkje gått ut med kva som plagar Ødegaard heilt konkret, men han har tidlegare hatt problem med hofta, og britiske medium har meldt at han fekk ei hjerneristing på trening.
Landslagssjefen avslørar at 24-åringen kan vere tilbake på bana neste helg.
– Det har vore meir eller mindre tre veker utan noko særleg trening, så det er viktig å ta steg for steg. Så håper nok både han og Arsenal at han er tilgjengeleg for Brentford-kampen.
Sett denne?
picture

Kompisene etter landslagsdebuten: – En stor dag for oss bergensere

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame