Solbakken kjem med skadeoppdatering: – Kan ikkje drive noko rovdrift

Eurosport på Google

Antonio Nusa har den siste tida slitt med ein ryggskade. Då Ståle Solbakken møtte pressa i førekant av Kypros-kampen, snakka han om korleis han vil bruke stjerneskotet i dei komande kampane.

Nusa takker tidligere Stabæk-trener: – Han har hjulpet meg mye

Video credit: Eurosport

Det har dei siste dagane vore usikkerheit rundt om Noregs nye stjerneskot, Antonio Nusa, ville bli frisk til å delta på den komande landslagssamlinga for Ståle Solbakkens menn. Søndag formiddag kom han inn til sine første speleminutt for Club Brugge sidan 16. september, noko som var godt nytt for Solbakken.
– Eg har vore i kontakt med Nusa litt på tekst heile vegen, og Ola (jour.anm. Sand, landslagslege) mailar med legen til Club Brugge, og så blei han meldt klar til troppen i går. Det har ikkje vore noko tale om forfall, sa Solbakken då han møtte pressa måndag, i førekant av Kypros-kampen.

Lite speletid

Den siste tida har det vore lite speletid på 18-åringen.
– Han spelte i 20 minutt tre dagar etter at han var på landslagssamling sist, så var han 14 dagar heilt i ro. Han har sakte men sikkert trent litt no, og fekk ein halvtime i går. Det såg fornuftig ut, sa Solbakken.
Nusa fekk ein drøymedebut for det norske landslaget, då han scora og noterte seg for éin assist i debutkampen mot Jordan i september. I den påfølgande kampen mot Georgia i EM-kvaliken fekk han også med seg målpoeng, då i form av to målgivande pasningar. 18-åringen starta både mot Georgia og Jordan, men trenaren fortel at det ikkje er aktuelt med like mykje spel denne gongen.
– Han er ikkje noko 90-minuttsspelar no. Det er han ganske langt unna.
Ryggskaden er ikkje noko langtidsskade, men Solbakken fortel at både landslaget og Club Brugge har eit ansvar om å passe på Nusa.
– Vi kan ikkje drive noko rovdrift eller gamble med den type skade.

Smell på Ødegaard

Søndag ettermiddag møtte Arsenal og Manchester City til dyst i Premier League, med to nordmenn frå start. Erling Braut Haaland gjekk mållaus av bana, i kampen som Martin Ødegaard og hans lagkameratar vann 1-0.
Ødegaard blei sjølv takla svært hardt av Citys Mateo Kovacic under kampen, og den norske landslagskapteinen låg lenge nede.
På pressekonferansen uttalte Solbakken seg om smellen nordmannen fekk, og kor vidt det er snakk om ein skade.
– Eg trur ikkje det. Eg har ikkje snakka med han. Dei rapporterer jo inn til onklar og tanter, så eg har i alle fall ikkje høyrt noko frå onkelen, seier Solbakken.
Sett denne?
picture

Gliser av gullspørsmål: – Sånn det er i Bergen!

Video credit: Eurosport

Gjør som 2 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame