Tidlegare lagkameratar viser støtte til Strandberg: – Beintøft

Fleire profilerte personar har vist støtte til Stefan Strandberg etter han vart tvungen til å legge fotballskoa på hylla.

Stefan Strandberg.

Foto: NTB

Tysdag kom sjokknyheita om at Vålerenga-kaptein Stefan Strandberg legg opp.
Det skjedde etter at 33-åringen fekk ein livstrugande blodpropp i venstre bein og opp i magen, etter at han vart operert mot ein prolaps i ryggen.
Den tidlegare Vålerenga-spelaren André Muri føler med Strandberg.
– Eg har skjønt det var alvorleg, og det gir inntrykk. Det er klart det er spesielt når du ser nokon du kjenner hamne i ein slik situasjon, seier Muri til Discovery.

Vart sjølv tvungen til å legge opp

Muri spelte med Strandberg i Vålerenga frå 2009 til 2012.
– Han har hatt ei fantastisk karriere. Han utmerka seg tidleg som ein vinnerskalle, og har vore flink til å utnytte heile sitt potensiale. Han har alltid vore ein sterk personlegheit og tatt plass i gruppa, seier han.
Den tidlegare forsvarsspelaren måtte sjølv leggje opp som fotballspelar av medisinske årsaker. Han fekk mange smellar mot hovudet og gjentatte hjerneristingar i løpet av karrieren.
Muri beskriv det som «spesielt» å bli tvungen til å leggje skoa på hylla.
– For Stefan sin del kjem det sikkert ekstra brått på. Om han står over ein lengre rehabilitering, så blir kontrasten endå større. Det er beintøft, og sikkert mykje tøffare enn mange trur. Eg håper han klarar å stå støtt i den stormen der.
picture

André Muri takkar av som fotballspeler.

Foto: NTB

– Eit førebilete

På sosiale medium har fleire uttrykt støtte til forsvarsspelaren.
– For ein karriere. For ei leiarstjerne. Du var eit førebilete, skriv Viking-spelar Zlatko Tripic i historiefunksjonen på Instagram.
Strandberg fekk 36 kampar for landslaget sidan debuten i 2013. Sidan 2022 har han danna Noregs bakre rekke i lag med blant anna Leo Skiri Østigård. På Instagram-story har også stopparkollegaen lagt ut ei helsing til lagkameraten.
– Ei ære å spele ved sidan av deg far. Takk for alt du har lært meg, skriv han.
picture

Stefan Strandberg og Leo Østigård på landslagssamling.

Foto: NTB

I løpet av karrieren har Strandberg spelt blant anna i Krasnodar, Salernitana og Rosenborg. Sistnemnde har lagt ut eit innlegg på Instagram for å heidre 33-åringen.
– Gratulerer med ein fantastisk karriere, Stefan! 109 kampar og seriegull for Rosenborg. God betring og lykke til i framtida, skriv klubben.
Det er ikkje berre innanfor fotballmiljøet at folk har vist støtte til Strandberg. Også den tidlegare handballspelaren Joakim Hykkerud har lagt ut eit bilde av han og Strandberg på X/Twitter.
Hovudpersonen skriv sjølv på Instagram at han treng tid på å kome seg.
– Kva det har betydd for meg. Elska det kvar dag. Kjem til å sakne det kvar dag. Treng litt tid på å kome meg no, så kjem eg tilbake med meir, skriv Strandberg.
Under har fleire fotballspelarar kommentert for å vise støtte.
– God betring, Steff, skriv den tidlegare fotballspelaren Alexander Tettey.
– Legende, skiv Mohamed Elyounoussi.
Sett denne?
picture

Kåra til verdas beste fotballspelar – oppdaterte på skadesituasjonen

Video credit: Eurosport

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame