Petter Myhre ferdig i Lillestrøm: – Vålerenga var aldri aktuelt

Det melder Lillestrøm på sine nettsider.

Petter Myhre og Geir Bakke.

Foto: NTB

Petter Myhre er ferdig som assistenttrenar i Lillestrøm.
Det melder klubben på sine nettsider.
– LSK hadde sett for seg mange fleire år med trenarduoen Geir Bakke og Petter Myhre, og vi synest det er beklageleg og trist at prosjektet ikkje blei fullført.

– Overraska

Petter Myhre kom til Lillestrøm i januar 2020, i lag med Geir Bakke. Då Bakke valte å ta over den ledige trenarjobben i Vålerenga i juli, vart Myhre permittert.
– Eg var like overraska som alle andre då Geir gjekk til Vålerenga. Eg hadde sett for meg å vere i LSK i fire og eit halvt år til, og hadde gleda meg til mange flotte kveldar med spelarar og supporterar dei neste åra.
Myhre fortel at han vil at eit heilt nytt trenarteam skal ta over.
– Med Geir sin plutselege overgang, synest eg det er fornuftig at eit nytt trenarteam kan føre dei stolte kanaritradisjonane vidare.

Låg i korta

Ifølge sportssjef Simon Mesfin, låg det i korta allereie då Bakke drog, at Myhre kom til å slutte i klubben.
– Dei gjorde dette saman. Det ligg veldig i korta at dei kom som ein duo, og dei drar som ein duo, sjølv om Petter ikkje drar med Geir no med det første i alle fall, sa Mesfin på pressekonferansen etter det var kjend at Bakke blei Vålerenga-trener.
På Lillestrøm sine nettsider skriv dei at Myhre aldri skulle bli med Bakke.
– Det er viktig for oss å understreke at det aldri har vore aktuelt for Petter å bli med Geir til Vålerenga.
Sett denne?
picture

Kjem med humoristiske stikk til Bakke: – Det driter eg i

Video credit: Eurosport

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame