Populære sporter
All sport
Vis alt

Molde sikra poengdeling etter marerittstart

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 21/04/2024 klokken 22:02 GMT+2

Molde fekk ein svært dårleg start på toppoppgjeret mot Bodø/Glimt.

Mats Møller Dæhli måtte av med skade under kampen mellom Molde og Bodø/Glimt.

Foto: NTB

Bodø/Glimt - Molde 1-1 (1-0):
Det var knyta stor spenning før toppoppgjeret mellom Bodø/Glimt og Molde søndag.
For Molde starta oppgjeret på verst mogleg vis, men til slutt klarte dei å berge poengdeling.
– Det er litt blanda kjensler. Det er alltid tøft å kome opp hit. Alt i alt er vi heilt greit fornøgd med eitt poeng, sjølv om vi ville ha tre, sa Mathias Fjørtoft Løvik til TV 2 etter kampslutt.

Av med skade

Etter berre fem minuttar måtte Mats Møller Dæhli av med skade. Molde-spelaren sat med tårer i auga då det medisinske støtteapparatet entra bana.
Det var knyta stor usikkerheit om han kom til å rekke gullkampen i det heile tatt då han og kona ventar barn i desse dagar. Møller Dæhli var dermed ikkje ein del av Molde-troppen som reiste laurdag, men ifølge TV 2 ordna Kjell Inge Røkke eit privatfly som gjorde at stjernespelaren kunne kome seg effektivt til Bodø.
picture

Mats Møller Dæhli var tydeleg prega då han måtte gå av bana etter fem spelte minutt mot Bodø/Glimt.

Foto: NTB

Minuttar seinare vart vondt verre for gjestane. Nino Zugelj heada heimelaget opp i føringa etter berre åtte spelte minutt. Det vart det einaste målet for omgangen.
På tampen måtte også Glimt-spelar Augsut Mikkelsen ut med ein kjenning.
– Det var ein tung start der, så mista vi Mats i tillegg. Vi blir bakpå heile vegen. Vi må prøve å justere noko, sa Molde-spelar Kristian Eriksen til TV 2 i pausen.

Utlikna

Andre omgang starta sjansefattig, men etter 54 minutt lykkast det også for gjestane.
Emil Breivik slo corner lågt mot første stolpe der Kristian Eriksen stod åleine. Han sparka ballen forbi ein rekke spelarar, før Kristoffer Haugen sørga for at ballen gjekk i mål på nært hald.
Det omtalar Glimt-kaptein Patrick Berg som bittert.
– Eg har aldri spelt mot eit Molde-lag som har skapt så lite mot oss. Det er kjipt og bittert at vi slepp inn mål på dødball, men generelt forsvarar vi oss veldig godt, sa han.
Bodø/Glimt styrte det meste av andre omgang, men dei store sjansane mangla.
På overtid var heimelaget svært nære å ta tre poeng. Albert Grønbæk prøvde seg på skot, men der var Løvik på plass og redda på strek.
– Det var deilig å få den og kjenne på litt meistringsfølelse i kampen, sidan eg øydelegg litt på det første målet. Eg gjer litt opp for meg i alle fall, sa Molde-spelaren.

Skadeplaga lag

Molde måtte frå før klare seg utan nøkkelspelarane Martin Linnes, Fredrik Gulbransen og Veton Berisha.
I tillegg måtte Magnus Wolff Eikrem sjå kampen frå benken på grunn av sjukdom.
Glimt toppar tabellen etter fire kampar spelt, med Molde like bak.
Sett denne?
picture

Kapteinen i ekstase etter derby: – Heilt vilt


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame