Populære sporter
All sport
Vis alt

Molde gjekk på sjokktap – innbyttar scora etter eitt minutt

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 17/04/2024 klokken 20:29 GMT+2

Molde fekk det tungt mot Odd onsdag kveld.

Emil Breivik og Kristian Eriksen.

Foto: NTB

Onsdag kveld sjokkerte Odd Molde. Etter ei scoring frå 17 år gamle Faniel Tewelde tok Odd sin første siger på Aker Stadion sidan 2018.
– Det er vanskeleg å beskrive. Vi hadde trua heile vegen og vi viser at det er mogleg å vere underdog, sa Bork Bang-Kittilsen til TV 2 etter kampslutt.
Også Brann fekk det tøft på heimebane, men i sluttminutta fekk heimelaget hol på blemma, og sat kveldens første og einaste scoring.

Svarte på scoring

Sjølv om Odd enda opp med tre poeng var det Molde som styrte det meste av første halvdel. Etter to målsjansar i første omgang lykkast det for heimelaget. Kristian Eriksen sendte Molde opp i leiinga etter eit innlegg frå Martin Linnes.
Odd svarte umiddelbart. Bork Bang-Kittilsen utlikna etter berre to minutt, og det vart Molde sitt første baklengsmål for sesongen.
Laga gjekk til pause 1-1.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
picture

Elegant Botheim-scoring i storseier

Gratisscoring

Før timen var gått valde Erling Moe å bytte ut stjernetrioen Martin Linnes, Mats Møller Dæhli og Magnus Wolff Eikrem. Det vekte noko i gjestane, som pressa meir og meir på.
Odd valde sjølv å gjere eit spelarbyte kort tid etterpå. Faniel Tewelde kom inn for Bilal Njie, og Tewelde trengde berre rundt eitt minutt før han sendte gjestane opp i leiinga.
Molde sin sisteskanse avventa returpasninga på venstresida, noko som gjorde at 17-åringen kunne trille inn scoringa i eit ope mål.
– Det er kjipt, men sånt skjer og er ein del av kvardagen til ein keeper, sa Jacob Karlstrøm etter kampen.
Molde forsøkte seg på fleire angrep for å sikre poengdeling på heimebane, men lykkast ikkje. Dermed vart årets første tap eit faktum.

Brann sleit på heimebane

I Bergen var det derimot ikkje like mykje spenning. Bård Finne stod for dei to beste forsøka frå heimelaget i første omgang, men det første forsøket vart blokkert, medan flagget kom opp på det andre.
Laga gjekk mållause til pause, og det var ikkje før i det 82. minutt at heimelaget lykkast med ei scoring.
Etter eit innlegg frå Finne kunne Aune Heggebø banke inn scoringa som sikra Brann tre poeng.
– Det var kjempedeilig. Vi malar dei godt, og til slutt slepp det opp litt. Då får vi eit mål, sa Heggebø til TV 2.
Sett denne?
picture

Eksperten med tirade: – Hva faen holder de på med?


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame