Populære sporter
All sport
Vis alt

Imponert over Brann sitt eventyr: – Ser på kvinnene som inspirasjon

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 20/03/2024 klokken 17:07 GMT+1

David Møller Wolfe er svært imponert over kva Brann sitt damelag har fått til.

Skal følge gamleklubben tett: – Trur dei kan kome veldig høgt

OSLO (Discovery):
Onsdag kveld møter Brann Barcelona i kvartfinalen i Champions League. Det synest den tidlegare Brann-spelar David Møller Wolfe er rart å tenke på.
– Det høyrast jo ikkje riktig ut. Det er heilt sjukt at Brann skal møte Barcelona, seier Wolfe til Discovery.
Kampen er den første av to oppgjer. Brann skal først spele på heimebane, før dei reiser ned til Barcelona veka etterpå.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
picture

Trenaren gløymde seg: – Litt morosamt

– Den retninga ein skal gå

Wolfe spelte sjølv i Brann frå 2020 til 2023, og er svært imponert over kva kvinnelaget har fått til. Det er han ikkje åleine om.
– Dei har verkeleg imponert heile Bergen, og sikkert heile Noreg også. Mange på herresida ser på dei som ein inspirasjon.
At herrane ser til kvinnene for inspirasjon meiner AZ-spelaren er riktig steg innanfor fotballen.
– Det er den retninga ein skal gå. I Bergen har dei fått til noko verkeleg spesielt, og eg trur heile Noreg ser på det og håpar på å få til det same med sine lag.

Skal følge laget tett

Herrelaget til Brann har også fått det til å stemme i det siste. I fjor tok dei seriesølv, same år som dei rykka opp frå OBOS-ligaen. Sjølv om Wolfe ikkje lengre er Brann-spelar skal han uansett følgje gamlelaget tett i den komande sesongen i Eliteserien.
– Om eg ikkje får sjå kampane live, så ser eg dei i reprise.
21-åringen trur at Brann går ein god sesong i møte.
– Dei seier sjølv at dei vil bli betre enn dei var i fjor. Det har eg full tru på at dei klarar, seier Wolfe og held fram:
– No har eg blitt Brann-supporter, og ikkje spelar. Vi supporterar forventar at dei går ut der, er seg sjølv og underheld oss bergensarar. Då har dei gjort jobben sin. Så tel ein opp poeng til slutt, men eg trur dei kan kome på ei veldig høg plassering i år også.
Fått med deg denne?
picture

Her leverer han sjokkbeskjeden: – Vi beklagar veldig

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame