Klarte å snu sesongen etter omvelting: – Ikkje alle som trudde det
Publisert 08/06/2024 klokken 13:15 GMT+2
Hugo Vetlesen og Club Brugge enda til slutt opp med ein svært god sesong. Det var ikkje mange som hadde trudd midtvegs.
Ferdig med innhaldsrik sesong: – Mange opp- og nedturar
Video credit: Eurosport
Hugo Vetlesen har hatt ein svært god sesong med Club Brugge. Dei kom både til semifinalen i cupen og i Conference League, og i slutten av mai kunne dei krone sesongen med seriemeisterskap.
– Det var utruleg stort å få gjere det etter eit år med veldig mange oppturar og nedturar. Det var ikkje alle som trudde det då vi bytta trenar og var ganske langt bak dei som leia, men vi viste at det var mogleg, seier Vetlesen til Discovery og held fram:
– Eg er stolt av gruppa som klarte å handtere ein elles tøff sesong.
I midten av mars bestemte den belgiske klubben seg for å avslutte samarbeidet med den norske trenaren Ronny Deila. Club NXT-trenaren Nicky Hayden tok i staden over.
– Det har vore veldig bra med han. Vi gjer mykje av det same som vi gjorde med Deila, men vi trengte kanskje eit friskt pust.
Sett denne? Saken fortsetter under videoen.
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/06/05/3982950-80834708-2560-1440.jpg)
Fekk landslagsplass etter kjempesesong: – Overraska
Video credit: Eurosport
– Ganske spesielt
Systemet i den belgiske ligaen er noko annleis enn i Eliteserien og andre ligaar. I mai går dei seks beste laga i serien ut i ein playoff der poenga deira blir halvert.
Alle laga speler mot kvarandre to gongar før ein vinnar blir krona. Dermed kan ein framleis vinne serien, sjølv om ein ikkje har vunne flest kampar.
– Det er klart at det er eit ganske spesielt system, men vi får jo mykje kamp mot god motstand, spesielt mot slutten. Dermed blir det litt meir spenning. Det er spennande å vere borti noko nytt.
Til slutt var det Club Brugge som vann playoffen med eitt poeng meir enn Royale Union Saint-Gilloise, sjølv om det var sistnemnde som leia serien før playoff.
– Vi var i verkeleg god form inn mot sluttspelet. Då fann vi flyten, og det var akkurat tidsnok, seier Vetlesen.
Sjølv om den norske fotballspelaren synest systemet er spennande, trur han ikkje det er vegen å gå for alle ligaer.
– Eg trur ikkje den debatten har vore her i Noreg, og eg trur heller ikkje at det er vegen å gå. Eg liker nok betre det vanlege seriesystemet.
Skal spele Champions League
Som seriemeistrar er Club Brugge garantert plass i gruppespelet i Champions League. Det er noko 24-åringen gler seg til.
– Det er klart det er attraktivt å spele Champions League, og spele i Belgia sin beste klubb. Det trur eg mange andre også hadde valt.
Sjølv om det å spele i toppklubben i Belgia ikkje går uhøyrt forbi, har ikkje Vetlesen planar om å flytte på seg.
– Eg har null hast. Eg trivs utruleg godt både på og utanfor bana. Det er godt å kunne slappe av og berre tenke på det ein skal gjere noko med, seier Vetlesen og legg til:
– Eg har kontrakt i tre år til, men ein veit jo aldri i fotballen.
Sett denne?
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/05/14/3968079-80556288-2560-1440.jpg)
Tidenes bom
Video credit: Eurosport
Relatert
Reklame
Reklame