Har vore på landslaget i fem år – no kan han få A-landslagsdebuten
Oppdatert 05/06/2024 klokken 13:02 GMT+2
Andreas Schjelderup kan onsdag få den etterlengta debuten på A-landslaget. Det kan også Erik Botheim og Jostein Gundersen få.
Fekk landslagsplass etter kjempesesong: – Overraska
Video credit: Eurosport
- Sjå OL i Paris på TVNorge og den nye strøymetjenesta Max!
Då Ståle Solbakken tok ut troppen for privatlandskampane mot Kosovo og Danmark laga han plass til to debutantar: Andreas Schjelderup og Jostein Gundersen.
– Det var ein draum som gjekk i oppfylling. Eg har drøymt om dette sidan eg var liten, så det var ekstremt kult å få den beskjeden, seier Schjeldrup til Discovery.
Schjelderup, som fylte 20 år første dagen av landslagssamlinga, har vore på aldersbestemt landslag sidan han var 14 år gamal. Han står allereie med 30 aldersbestemte landskampar.
– Det er noko heilt anna å vere med A-landslaget. Det er dei største gutane, og det er ekstremt kult å kunne få vere med på det.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/05/23/3973804-80651788-2560-1440.jpg)
Debutanten si utvikling har imponert landslagssjefen: – Verkeleg tatt steg
Video credit: Eurosport
Ikkje forventa
20-åringen har hatt ein svært god sesong på lån i danske Nordsjælland. Han står med ti mål og elleve assist på 38 kampar. Likevel vart han overraska over uttaket.
– Eg trur ein aldri kan forvente at det skal skje, men eg følte at eg leverte ein god sesong og at det kunne vore moglegheiter for å bli tatt med. Eg er veldig glad for at Ståle gav meg sjansen, seier han.
Etter samlinga håper Schjelderup at han også kan skilte med A-landslagskampar.
– Sjølvsagt håper eg på ein debut. Det er noko eg har drøymt om sidan eg var liten, men eg må sjå kva som skjer. Eg er uansett ekstremt klar og takksam for å kunne vere her for første gong.
Kom inn etter forfall
Schjelderup er ikkje den einaste som kan få debuten sin på denne landslagssamlinga. Etter at Alexander Sørloth måtte melde forfall på grunn av skade, fekk Erik Botheim kome inn.
– Det er veldig stas, kult og gøy, seier Botheim til Discovery.
Botheim har vore på ei A-landslagssamling i 2021, men då vart det ingen speletid. Han vart flytta ned til U21-landslaget før Noreg sin andre av to kampar.
– Eg har ikkje tenkt så mykje på ein eventuell debut. Eg håper eg kan få nokre minutt. Det hadde vore veldig kult, seier Malmö-spelaren.
Møter Kosovo og Danmark
Noreg møter først Kosovo på Ullevaal Stadion før dei skal til Brøndby for å møte Danmark.
– Eg håper vi kan levere to gode prestasjonar der vi viser fram god fotball og kva vi har å by på, seier Botheim.
Schjelderup innrømmer at han ikkje har tenkt så mykje på den komande motstanden, men trur Noreg skal klare å bite godt frå seg.
– Med den kvaliteten som er her i gruppa, så skal ein vel kanskje kunne slå Kosovo ganske lett. Danmark er eitt lag som er på eit ganske høgt nivå, og som skal spele EM. Det blri nok ei kjempetøff oppgåve, men som sagt, men denne kvaliteten synest eg det skal vere mogleg å slå dei.
Fått med deg denne?
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/05/14/3968079-80556288-2560-1440.jpg)
Tidenes bom
Video credit: Eurosport
Relatert
Reklame
Reklame