Glimt målte krefter mot Premier League-lag: – Ein jamspelt affære

18 dagar før det brakar laus i Eliteserien fekk Bodø/Glimt teste nivået mot Premier League-laget Crystal Palace.

Bodø/Glimt under cupfinalen mot Molde.

Foto: NTB

Bodø/Glimt - Crystal Palace 0-1 (0-1)
Crystal Palace vart for sterke for Bodø/Glimt under treningskampen på Marbella torsdag kveld.
Premier League-laget fekk ei scoring i første omgang, og dei heilgule klarte aldri å utlikne.
– Fin matching. Ein jamspelt affære, men det var rett og slett klassen til Eberechi som var forskjellen på desse laga i dag, sa kommentator Robin Haugen etter kampen.

God start

Glimt styrte det meste av kampen i starten, og Patrick Berg fekk dagens første skot på mål. Skotet gjekk derimot midt på keeper, og minuttar seinare gjekk Crystal Palace opp i leiinga.
Etter 24 spelte minutt plasserte stjernespelar Eberechi Eze ballen heilt nede ved stolperota i lengste hjørne.
Kort tid etter at Premier League-laget gjekk opp i leiinga, såg det skummelt ut for Glimt-spelar Albert Grønbæk. Dansken blei sittande nede og heldt seg til ankelen, medan han fekk behandling av medisinsk apparat. Grønbæk kom seg på beina igjen og spelte vidare.
Utover førsteomgang var det Crystal Palace som dominerte. Glimt fekk endå eit skot på mål, men igjen gjekk det rett på Crystal Palace-keeper Sam Johnstone.
Dermed gjekk laga til pause med 1-0 til det britiske laget.

Sjanselaus

Crystal Palace kom tilbake etter kvilen med omtrent eit heilt nytt lag. Innbytarane heldt fram i same sporet som før pausen, og hadde ballen store delar av tida.
Resten av omgangen vart nokså sjanselaus for begge lag. Etter 82 minutt klarte Palace å spele seg inn i 16-meteren til Glimt, men Kjetil Haug sperra igjen buret.
Glimt fekk ein siste sjanse to minutt på overtid, men Jens Petter Hauge skaut ballen utanfor mål, og dermed enda kampen med siger til Crystal Palace.
Sett denne?
picture

Trur Aursnes sitt val kan vere bra for utviklinga: – Må få hovudet på rett stad

Video credit: Eurosport


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame