Glimt blei rundspelt i Europa-oppkøyringa

Eurosport på Google

Bodø/Glimt var sjanselause i årets første treningskamp.

Frustrert Knutsen: - På tide at de gjør noe

Video credit: Eurosport

RB Salzburg - Bodø/Glimt 6-0 (1-0)
Bodø/Glimt er på plass i Marbella på treningsleir. Fredag møtte dei austerrisk motstand i RB Salzburg i årets første treningskamp.
– Vi merker at vi møter eit bra lag. I første omgang lykkast vi ganske bra i det vi forsøker på. Så sprekker det dessverre opp i andre omgang, seier Patrick Berg i eit intervju med klubben etter kampen.
Laget låg berre under med eitt mål til pause. Så bytta dei ti spelarar, og slapp inn ytterlegare fem mål.
– Det er sikkert vanskelegare å spele den andre omgangen på grunn av den tunge bana. Det er uansett godt å få seg ein gjennomføring og spele kamp igjen, seier kapteinen.
Glimt-trenar Kjetil Knutsen var heller ikkje fornøgd med matta på Ullevaal Stadion etter cupfinalen. Sjå video øvst i saka.

Vondt blei verre

Dei heilgule gjekk hardt ut frå start og fekk ei scoring i opningssekunda som vart annullert. Etter sju minutt var det derimot Salzburg som gjekk opp i leiinga.
Vondt skulle seinare bli verre for Glimt. Sjølv om dei skapte fleire sjansar i andreomgang, bøtta Salzburg inn mål.
Etter 56 minutt dobla det austerriske laget leiinga, og berre sekundar seinare scora dei endå eitt. Glimt prøvde å bite tilbake, men Salzburg satt inn sitt fjerde.

Møter Ajax

Dei stoppa heller ikkje der. Ved sluttminutta av kampen scora Salzburg heile to mål til.
Kampen enda 6-0.
Glimt møter Ajax i Conference League 15. februar og 22. februar. Før det skal dei heilgule møte Hammarby, Sparta Praha og Malmö FF i treningskampar.
Sett denne?
picture

Keeperhelten: – Jeg vil takke Christian Michelsen

Video credit: Eurosport

Gjør som 2 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame