Forlenger med Eliteserie-klubb

Eurosport på Google

33-åringen held fram to år til i klubben.

Jo Inge Berget.

Foto: NTB

Jo Inge Berget held fram i Sarpsborg 08.
Det bekreftar klubben på sine heimesider.
– Eg var tiltenkt ein kort tur i Sarpsborg, men eg blei tatt ekstremt godt i mot av spelarar, trenarar, dei som lagar mat, alle på kontoret - eigentleg alle i Sarpsborg 08. Det betyr mykje. Det er ein klubb der alle ønsker kvarandre godt. Det er slike klubbar det er ekstra kult å få til noko med. Det triggar meg, seier Jo Inge Berget.
Berget har signert kontrakt ut 2025-sesongen.
Den tidlegare landslagsspelaren kom til Sarpsborg i august. Då stod han utan kontrakt, etter at han ikkje var ønska vidare av den svenske klubben Malmö i januar. 33-åringen signerte kontrakt med den norske Eliteserie-klubben ut sesongen.
– Jo Inge kom eigentleg til Sarpsborg for å få fart på karrieren, men dette er godt «statement» på at Sarpsborg er ein triveleg og attraktiv klubb å vere i. Å få på plass ein merittert, ekstrem profesjonell spelar som veit kva dette handlar om på ein toårsavtale er vi stolte av, seier sportssjef Hampus Andersson.
Angrepsspelaren noterte seg fire scoringar og ein målgivande pasning på sine seks kampar frå start i den blåkvite drakta.
Sett denne?
picture

Keeperhelten: – Jeg vil takke Christian Michelsen

Video credit: Eurosport

Gjør som 2 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame