Eliteserien: Sarpsborg 08 revansjerte seg etter braktapet mot HamKam – slo Molde 4-2

Eurosport på Google

Førre serierunde tapte Sarpsborg 08 heile 1-7 mot HamKam, men mot Molde kunne dei juble.

Pawel Chrupalla jublar etter 0-1-scoringa mot Molde.

Foto: NTB

  • Se OL i Paris på TVNorge og den nye strøymetjenesta Max!
Molde - Sarpsborg 08 - 2-4 (1-2)
Sarpsborg 08 fekk ein etterlengta opptur mot Molde måndag kveld. Laget frå Østfold stod med fem tap så langt i sesongen, og låg på direkte nedrykk før måndagens serierunde.
Dei kunne til slutt dra frå Molde med tre poeng i bagasjen etter scoringar frå Pawel Chrupalla, Stefan Johansen og Sondre Ørjasæter.

– Tøff kamp

Bortelaget gjekk opp i leiinga etter ni minutt. Eirik Wichne hadde eit innkast inn i Molde sin 16-meter, der Chrupalla tok med seg ballen og skrudde den inn i langhjørnet.
Etter 22 spelte minutt utlikna Halldor Stenevik for Molde. Sarpsborg-keeper Marko Ilic redda eit skot med føtene, men returen hamna hos Stenevik som sendte ballen i mål.
Ti minutt seinare sendte Johansen bortelaget opp i leiinga nok ein gong, på frispark.
– Det er ein tøff kamp, men eg synest ikkje dei skaper altfor mykje, sa målscoraren til TV 2 i pausen.
Fått med deg denne? Saka held fram under videoen.
picture

Tidenes bom

Video credit: Eurosport

Utlikna

Då laga returnerte etter pausen tok det ikkje lang tid før Sarpsborg 08 auka leiinga ytterlegare. Bortelaget kontra, og Ørjasæter limte ballen ned i lengste hjørnet.
Etter ein time spel reduserte Magnus Wolff Eikrem for Molde etter eit skot frå 18 meter.
Pa tampen av kampen kom ein svært omdiskutert situasjon. Molde ville ha straffe då Anders Hagelskjær gjekk i bakken i feltet. I den påfølgande kontringa sette Ørjaseter inn 4-2 for gjestane.
Dommar Marius Lien blei bedt om å vurdere straffesituasjonen av VAR-rommet, men avgjerda blei ståande. Dermed blei det bortesiger til Sarpsborg.
Sarpsborg fekk ein smell heime mot HamKam 16. mai då dei tapte 1-7. Det blei etterfølgd av eit fire timar langt internt krisemøte. Målet der var ifølge klubben å diskutere korleis ein skulle snu ein krevjande sportsleg situasjon.

Slik enda kampane:

HamKam - Bodø/Glimt - 0-1
KFUM Oslo - Odd - 0-0
Kristiansund - Brann - 2-2
Lillestrøm - Fredrikstad - 0-3
Sandefjord - Viking - 0-3
Strømsgodset - FK Haugesund - 2-0
Tromsø - Rosenborg - 3-2
(©NTB/Discovery)

Gjør som 2 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame