Eliteserien: Kjetil Knutsen forlenger kontrakten som hovudtrenar for Bodø/Glimt

Eurosport på Google

Det stadfestar klubben på heimesida si.

Kjetil Knutsen.

Foto: Getty Images

Hovudtrenar Kjetil Knutsen har lagt til eitt år på avtalen sin, og har no kontrakt som hovudtrenar ut 2025-sesongen.
– Det er heilt naturleg for meg å forlenge avtalen. Eg var inne i mitt siste kontraktsår, og i staden for spekulasjonar og prat om situasjonen min, så er timinga for å forlenge veldig god, seier Knutsen til klubben.
Då Gaute Helstrup forlet Tromsø for å bli Knutsen sin assistent i Glimt, vart det spekulert om at Knutsen var på veg ut.
Det har både Helstrup, Knutsen og Glimt avvist.
– Det er ingenting som har endra seg for Kjetil i det heile tatt. Dette gjer vi for vi meiner det er det beste for Bodø/Glimt. Kjetil er der han har vore dei siste sju åra, sa sportsleg leiar Håvard Sakariassen etter det vart annonsert at Helstrup blei assistenttrenar.
Trenaren har vore kopla til ein rekke andre trenarjobbar, blant anna Ajax ved fleire anledningar.
Knutsen kom til klubben i 2017. Bodø/Glimt har hatt stor suksess med bergensaren i førarsetet. Blant anna har dei tatt tre seriegull i løpet av dei siste åra.
– Vi er svært glad for at Kjetil blir med oss vidare. Det bidrar til at vi kan utvikle oss vidare og at vi kan ta steg saman, seier dagleg leiar Frode Thomassen.

Gjør som 2 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame