Eliteserien: Eric Kitolano klar for Lillestrøm
Oppdatert 27/02/2024 klokken 16:26 GMT+1
26-åringen forlet Molde og har signert ei treårskontrakt med LSK.
Eric Kitolano
Foto: NTB
• Hald deg oppdatert på sport med Eurosport-appen. Last den ned i App Store og Google Play
Det stadfestar klubben på heimesida si.
– Eg trur det blir fint. Ein bra utfordring for min del, seier Kitolano til klubben.
26-åringen kom til Molde før 2023-sesongen. Han står med seks scoringar på 30 kampar for klubben frå Rosenes by.
Sportssjef i LSK Simon Mesfin er svært glad for å ha landa avtalen.
– Dette er noko vi har jobba lenge med. Alleiere i fjor sommar la vi ut ein følar som etter kvart har resultert i at vi no har fått han til LSK.
Klubben skriv vidare at avtalen har vore så godt som klar i eit par veker, men blei noko utsett på grunn av Molde si deltaking i Europa-kampane mot Legia Warszawa. Der kom Kitolano inn i begge kampane, og Molde vann til slutt 6-2 samanlagt.
Fleire medium har skrive at Bodø/Glimt skal ha forsøkt å kuppe overgongen dei siste dagane, men ifølge Rbnett skal ikkje dette ha vore eit tema i Molde.
Skien-guten har tidlegare spelt for Odd, Notodden, Ull/Kisa og Tromsø.
Sett denne?
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/02/15/3886953-78971988-2560-1440.jpg)
Mistenker kampfiksing: – Ikke usannsynlig
Video credit: Eurosport
Relatert
Reklame
Reklame