Eliteserie-kapteinen forlenger med klubben
Publisert 28/09/2023 klokken 19:43 GMT+2
Kapteinen skal styre skipet i to nye år.
Ruben Yttergård Jenssen.
Foto: NTB
Ruben Yttergård Jenssen held fram som TIL-spelar.
Det skriv laget på sine heimesider.
– Kapteinen vår forlenger avtalen og blir dermed TIL-spelar også dei to neste sesongane.
Kapteinen fortel til klubben at han ikkje var i tvil om å forlenge avtalen.
– Det var dei raskaste forhandlingane eg har vore med på i min karriere. 3-4 intensive minutt, så var vi einige om vegen vidare.
Sportssjef i klubben, Lars Petter Kræmer-Andressen gler seg over forlenginga.
– Først og fremst er vi utruleg glad for at mennesket Ruben blir med vidare. Han er ein leiarfigur som set høge krav til seg sjølv og dei rundt seg, også inspirerer han resten av laget til å kvar dag utvikle seg både på og utanfor bana, seier han.
Sett denne?
/origin-imgresizer.eurosport.com/2023/09/27/3793404-77158008-2560-1440.png)
Avbryter spørsmål – kommer med personlig historie
Video credit: Eurosport
Relatert
Reklame
Reklame