Deila har fått sparken
Oppdatert 18/03/2024 klokken 10:21 GMT+1
Den norske trenaren er ferdig i Club Brugge.
Ronny Deila.
Foto: Getty Images
- Hald deg oppdatert på sport med Eurosport-appen. Last den ned i App Store og Google Play
Det stadfestar klubben på heimesida si.
– Etter skuffande resultat og spelenivå vart det bestemt at vi skulle avslutte samarbeidet med hovudtrenar Ronny Deila, skriv klubben.
Klubben opplyser samtidig at assistentane Efrain Juarez og Kristof Aelbrecht er ferdige i klubben.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/03/12/3928143-79795628-2560-1440.jpg)
Trur Aursnes sitt val kan vere bra for utviklinga: – Må få hovudet på rett stad
Video credit: Eurosport
– Betre resultat bør vere mogleg
Deila har vore hovudtrenar for Club Brugge sidan starten av denne sesongen etter ein sesong som Standard Liege-sjef.
– Dei siste vekene har vi ikkje sett nok av Club Brugge sitt DNA i spelet som er levert. Den sportslege leiinga er overtyda om at betre resultat bør vere mogleg.
Nicky Hayen vil ta over fram til klubben finn Deila sin erstattar. Hayen er hovudtrenar for Club NXT-laget.
Slo ut Molde
Club Brugge var nyleg i aksjon mot Molde i Conference League. Der tok dei seg vidare til kvartfinale etter at dei vann 4-2 samanlagt. Det belgiske laget tapte 2-1 mot Molde i første oppgjer, men vann så 3-0 i returoppgjeret på heimebane.
Etter sigeren mot Molde tok nordmannen eit oppgjer med kritikken han har fått den siste tida.
– Om ein ønsker eit skifte, så bytt meg ut. Det er ikkje noko problem, men då startar de på nytt igjen. Dykk prøvde det tre gongar førre sesong, sa Deila ifølge den belgiske avisa Het Laatste Nieuws.
Antonio Nusa og Hugo Vetlesen speler begge to i Club Brugge.
Relatert
Reklame
Reklame