Champions League over for Ødegaards Arsenal

Det var 2-2 då Bayern München tok i mot Arsendal på heimebane i returoppgjeret. Ei scoring frå heimelaget stoppa Champions League-draumen for Martin Ødegaard og Arsenal.

Eurosport

Foto: Eurosport

Bayern München - Arsenal 1-0 (3-2 samanalgt)
Det sa stopp for Martin Ødegaard og Arsenal i kvartfinalen av Champions League.
Då laga møtte kvarandre til returoppgjeret på Allianz Arena onsdag kveld stod det 2-2 mellom dei.
Laga gjekk mållause til pause etter ein sjansefattig førsteomgang. Etter 63 spelte minutt heada Joshua Kimmich ballen i mål, og sendte vertane opp i leiinga.
Gjestane klarte aldri å utlikne, og dermed tok Bayern München seg vidare til semifinalen i Champions League etter å ha vunne 3-2 samanlagt.
Arsenal har ikkje vore i ein semifinale i Champions League sidan 2009.
Sett denne?
picture

Eksperten med tirade etter gigantisk tabbe: – Hva faen holder de på med?

Video credit: Eurosport

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame